Securitas sine nye overvakingskamera fanga inn både planlegginga og gjennomføringa av austeuropearane sitt brekk på Amfi kjøpesenter på Stord.

Tydelege digitalbilde var seinare medverkande til at tjuvane blei pågripne i ein politikontroll ved Drammen. Ein av dei har i avhøyr vedgått ran av speleautomatane på Stord, og ei tilsvarande lopping av automatar på Kuben kjøpesenter på Bømlo. Nokre av pengane er komne til rette.

Det er ukjent kor store summar som var i automatane før ranet, men det kan dreia seg om opp mot ein halv million i til saman ni automatar på Bømlo og Stord.

Også på Bømlo er tjuvane fanga inn av overvakingskamera. Dei to innbrota skjedde for vel ei veke sidan.

Ingen alarm

Overvakingssystemet tek vare på filmopptaka i sju dagar, i samsvar med godkjenninga frå Datatilsynet.

Ved gjennomgang av opptaka dagen etter innbrotet, kunne montør Henning T. Nielsen hos Securitas Teknikk AS følgja automattjuvane frå dei rekognoserte i Amfi Stord i senterets opningstid til dei gjennomførte innbrotet nær midnatt same dag.

Av filmen går det klart fram korleis tjuvane i 20-åra diskret sprayar over detektorane i senterets innbrotsalarm på dagtid. Dermed er det ingen alarm som går idet dei tek seg inn i senteret om natta gjennom ei takluke.

Opptaket viser at to av mennene fira seg roleg ned frå taket rett oppå tre av speleautomatane i senterets andre høgd. Ingen er maskerte, andleta er tydelege. Ein av mennene tek fram ein mobiltelefon. Han snakkar truleg med tredjemann som sit i bilen utanfor og kontrollerer at dei får arbeida i fred.

Vinkelslipar

Så kjem brekkjern og vinkelslipar fram. Hengelåsane på automatane blir fort kappa, og snart er dei i kassen og hentar pengar som blir lagt i ein bag.

Dei to mennene arbeider roleg og målretta. Så går dei ned i første etasje og tek føre seg automatane der. Det heile er gjennomført i løpet av eit kvarters tid.

Innbrotet blir ikkje oppdaga før dagen etter. Politiet fatta naturleg nok straks interesse for overvakingsbilda.

Henning T. Nielsen opplyser at alle alarmdetektorane av den typen som blei spraya, no er skifta ut med detektorar som gir alarm også når dei blir forsøkt sett ut av funksjon med til dømes spray.

— Viktig bevis

— Bilda er veldig viktig bevismateriale, seier politibetjent Joachim Bakke ved Bømlo lensmannskontor, som etterforskar automattjuveria.

— Vi veit ikkje kor mange personar som har vore involvert. På Stord og Bømlo og i Haugesund har det vore fleire raid med same framgangsmåte som dette. Men vi veit enno ikkje om det er dei same som førre veke opererte på Stord og Bømlo, seier Bakke.

Politibetjent Bakke oppfordrar automateigarane til å gå gjennom rutinane for sikring av maskinane. Han meiner klart at automatane burde vore tømt oftare for å bli mindre freistande som innbrotsobjekt.

AUTOMATBREKK: Med brekkjern og vinkelslipar gjekk dei profesjonelle tjuvane laus på speleautomatamobiltelefon med tredjemann som heldt vakt utanfor. FOTO: SECURITAS