I dag og i alle fall måndag og tysdag kan vestlandingane venta 20 varmegrader, ein del sol, men òg fare for nokre byger, spesielt i indre strøk.

— Vêret vert tåleg bra, er karakteristikken Storm-meteorolog Svein Inge Andersen gir.

— Lågtrykka kjem frå aust. Det vil seia at Austlandet er meir utsett for byger enn oss. Det er vanskeleg å seia kor mykje som er att av skyene når dei kjem over fjella, men det er fare for nokre byger i indre strøk, spesielt i Sogn og Fjordane, seier han.

— Regn i aust er jo noko me her i vest likar?

— Ja, no kan me peika litt nase til dei, smiler Andersen.

Sjølv om temperaturen vert bra, vert det ein del vind langs kysten.

— Det kan verta sterk kuling ved Stad. Elles ventar me nordaustleg stiv kuling på kysten, seier statsmeteorolog Marit Elisabet Tuft.

Ho seier måndag og tysdag ser ut til å verta dei finaste dagane.

— Vinden vil vera sterkast dei første dagane. Moglegheita for regn aukar når veka går mot torsdag. Då kjem vinden frå nordvest, seier Tuft.

Ho trur på badevêr dei første dagane.

— Me må nyta dei.