Fleirtalet var samansett av Høgre og Framstegspartiet.

Arbeidarpartiet, KrF og Senterpartiet gjekk på møtet på tysdag imot å seia opp avtalen.

Avrøystinga synte at dei samarbeidande partia var splitta i synet på medlemskapet i KLP.

Ordførar Helge Andre Njåstad seier til Kystradioen at det vil bli kjørt ein anbodsprosess for eventuelt å skifta leverandør av pensjonstenester når kommunestyret har gjort endeleg vedtak.

Men i Fjell er det ikkje vilje til å seia opp KLP som pensjonsleverandør. I finanskomiteen på tysdag var det berre Framstegspartiet som røysta for å seia opp avtalen. KLP kan bli omdanna til aksjeselskap.

Leiar i komiteen, Marianne Sandahl Bjorøy, seier til Kystradioen at dette representerer verdiar som Fjell kommune kan få gevinst av seinare. Ho syner dessutan til at KLP i mange år har gjort ein god jobb for dei tilsette i Fjell kommune.