John Lindebotten

Det er hovudpunkta i Austevoll-ordførar Helge Andre Njåstad si tilråding til samferdsleplanen for Sunnhordland.

Tilrådinga frå Njåstad, Frp, er basert på eit vedtak i formannskapet frå sist torsdag. Kommunestyret skal vedta den endelege fråsegna i saka torsdag 5. oktober.

I tilrådinga skriv Helge Andre Njåstad ferjesambandet Sandvikvåg-Halhjem bør haldast oppe til det er skapt eit ferjefritt vegalternativ mellom Stord og Bergen over Austevoll. Han er skeptisk til å erstatta Sandvikvåg-Halhjem med eit innkorta samband Våge-Halhjem.