— Austevoll er den største øykommunen i landet utan fastlandssamband. Vi er klare til å køyre løpet nå, seier Frp-ordførar Renate Møgster Klepsvik.

Koble seg på

Klepsvik vil nytte høvet når Vegvesenet nå lagar planar for ferjefri E39 over Tysnes.Nye E39 går over Reksteren og vidare nordover på bru over Bjørnafjorden. På Reksteren vil austevollingane kople seg på.

— I den statlege planen ligg det inne eit påkoplingspunkt for framtidig fastlandssamband på Reksteren. Vi treng ikkje nøye oss med eit påkoblingspunkt. Det finst gode argument for å byggje brua nå, seier Klepsvik.

Austevoll har i dag to ferjesamband: Nordover til Krokeide og sørover til Sandvikvåg. Brua vil gjere begge overflødige.

Ordføraren vil finansiere brua med 40 års ferjesubsidiar og betaling frå trafikantane i 15 år.

— Ferjene kostar mykje pengar, så brua kan langt på veg finansierast med det vi sparer i ferjeutgifter, seier Klepsvik.

- Ferjebillett, ikkje bompengar

— Du representerer Frp og lanserer altså ei bru betalt med bompengar?

— Eg kallar det ikkje bompengar, eg kallar det ferjebillett. Eg har ikkje problem med å seie til austevollingane at dei skal betale ferjebillettar i 15 år til, så er det slutt for all framtid.

Austevollsordføraren har kommunestyret i ryggen. Dei har samrøystes sett som mål å knyte Austevoll til fastlandet med vegsamband.

Klepsvik har konkretisert dette målet med skisse for ei bru frå Haukanes på Huftarøy til Reksteren.

Fastlandsambandet er på tre kilometer inkludert flytebru over fjorden.

Austevollordføraren spelar inn den nye austevollbrua til fylkeskommunen og Samferdsledepartementet.

Sjølv sit Klepsvik i kontaktutvalet for E39 og vil ta med seg skissa når utvalet møter Vegvesenet og fylkeskommunen.

— Eg ser ingen grunn til at ikkje brua over til Austevoll kan byggjast parallelt med E39, slik Bømlo fekk sitt fastlandssamband parallelt med E39 gjennom Trekantsambandet, seier ho.

Pris: Fleire milliardar

— Prosjektet er teknisk løyseleg, det store spørsmålet er om det lar seg finansiere, seier Signe Eikenes, som er prosjektleiar for planprosjektet E39 frå Stord til Os.

Vegvesenet har sett på ei bru til Austevoll litt lenger sør. Der kan brua kvile på nokre grunner midtfjords. Brulengda blir om lag 1500 meter.

Nordhordlandsbrua er til samanlikning 1,6 kilometer lang og kosta ein milliard kroner å byggje for 20 år sidan.

Eikenes er varsam med å setje nokon pris på austevollbrua. Prisen er avhengig mellom anna av konstruksjonen.

— Vi snakkar nok om ei pris som er fleire gonger Nordhordlandsbrua, seier ho.

I dag er det folkemøte på Stord om nye E39, i morgon i Os. Eikenes reknar med at fastlandssamband til Austevoll blir tema der, til liks med fleire andre spørsmål som dukkar opp rundt nyevegen.