Fleire hundre elevar frå Kvinnherad vidaregåande skule, Odda vidaregåande skule og skulane i Stord og Bømlo hadde tatt turen til Odda i dag, der fylkesutvalet heldt sitt møte.

Skulebruksplanen stod på dagsordenen, men elevane fekk ikkje stor grunn til å juble.

Små endringar

Fylkesutvalet si innstilling til fylkestinget er i hovudsak den same som forslaget frå opplærings— og helseutvalet

Nokre få endringar fekk fleirtal og er tilrådde:

Austevoll vidaregåande skule skal vidareførast med same fagtilbod som i dag.

Ved Norheimsund vgs. og Øystese gymnas, som skal slåast saman, vert også faget Vg2 kjøretøy vidareført.

I punktet om Odda vidaregåande skule er det presisert at faget Teknisk-industriell produksjon vert dimensjonert etter søkjartal. Like eins at Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfaget skal vera Vg2 helsearbeidarfag.

Slår saman i Bømlo

Motstanden mot skulebruksplanen har vore størst i Sunnhordland. Men fylkesutvalet gjekk inn for å slå saman Bømlo vgs. og Rubbestadneset vgs., lokalisert til Rubbestadneset. Nokre av tilboda vert overført til Stord Saghaugen vgs. Arna vgs. og Garnes vgs. vert slått saman og samlokalisert i Arna vgs. sine lokale.

Forslaget fekk åtte røyster (H, Frp, V) og er dermed fylkesutvalet si tilråding til fylkestinget.