• Vi er den kommunen som slit tyngst av alle her i Hordaland. Berre spør fylkesmannen! Men frå neste år reknar eg med at vi vil sjå lyset i tunnelen.

Rådmannen i Austevoll, Rolf E. Nøstdal, teiknar eit nøkternt bilete av den økonomiske stoda i øykommunen. Det er smalhans. Men politikarane er vane med å skjera inn til beinet. Slik har det vore lenge, og slik vil det halda fram i lang tid enno. Kontrasten til «rikingen» Fjell, som BT skreiv om i går, er stor.

Dei driftige austevollingane er i den paradoksale situasjonen at dei ved sida av privat velstand må slita med offentleg armod utan sidestykke. Her er noko som skurrar?

— Jauvisst er det eit paradoks, men det skuldast at mykje av verdiskapinga forsvinn til Oslo, medan vi berre får smular tilbake, sukkar Nøstdal i samtale med Bergens Tidende.

Eit lite overskot i fjor

I 1999 mista kommunen selskapsskatten. 10-12 millionar kroner «forsvann» frå kommunekassa så å seia over natta. I fjor vart rett nok noko av den gamle ordninga tilbakeført. Også auka arbeidsgjevaravgift har vore ei tung ekstrabør dei siste fem åra.

Rådmannen nemner at Austevoll er blant dei som vil merka heller lite til ekstrasatsinga i kommunesektoren som den raudgrøne regjeringa fekk vedteke.

— I budsjettet for 2006 må vi skjera ytterlegare ned både i sosialsektoren og i skuleverket. Det vert færre lærarar og omsorgspersonale. Med store kutt greidde vi å koma i balanse. Rekneskapen for 2005 vil og syna at vi får eit lite overskot, takka vera god skatteinngang.

— Er ikkje det offentlege tenestetilbodet på grensa av det uforsvarlege?

— «Uforsvarleg» er eit vanskeleg omgrep. Brukarundersøkingar viser i iallfall at folk er nøgde med tenestene, seier Nøstdal. Samstundes roser han dugnadsånda i kommunen. Næringslivet har m.a. stilt opp for å reisa ein fleirbrukshall. To kunstgrasbanar høyrer med.

Samanslåing i stor stil

Samanslåing, effektivisering og nedbemanning er likevel ord som går att. I neste veke vil kommunestyret etter alt å døma vedta å slå saman dei to ungdomsskulane i Bekkjarvik og på Eidsbøen, slik at alle elevane på dette trinnet vert samla på Eidsbøen like sør for Storebø sentrum.

Som om ikkje det er nok, har kommunepolitikarane gitt ordførar og rådmann i oppdrag å leggja til rette for at dei gamle i Austevoll kan samlast i ein sjukeheim - på Storebø. Dermed vert det sett punktum for sjukeheimen i Bekkjarvik.

Den vitale handelsstaden Bekkjarvik vert og ramma på anna vis: Kommunestyret har vedteke å samla lækjartenestene på ein stad. Så snart det finst høvelege lokale skal alle dei fire, eller høgst fem lækjarane ha kontor på Storebø.

- Vi har for stor gjeld

I tillegg til alt dette har satsinga på samferdselssektoren tæra hardt på kommuneøkonomien. Fleire store bruer har auka gjeldsbøra. Kommunen har forskottert 17,7 mill. kroner på bruene, men det er pengar som Austevoll skal ha tilbake frå fylkeskommunen. I mellomtida må austevollingane betala rentene.

Den akkumulerte gjelda er totalt 44,6 mill. kroner.

— Kva er så lærdommen og etterpåklokskapen?

— Det er ingen tvil om at vi har for stor gjeld. Og vi har vore for sein med å tilpassa oss nye økonomiske rammer. Vi skulle ha vore tøffare og tidlegare ute med nedskjeringane. Men det er aldri lett å gjera slikt over natta.

Når det er sagt, må det leggjast til at vi har ikkje flotta oss, og her er ingen teikn på ekstravaganse. Det er snarare vedlikehaldet som har lidd stor skade, seier han.

SPARSAM: Rådmann Rolf E.Nøstdal har i fleire år svingasparekniven i Austevoll.ARKIVFOTO: HELGE HANSEN