• Austevoll kommune er den kommunen i Hordaland som slit mest økonomisk. Den økonomiske situasjonen er svært alvorleg, seier fylkesmann Svein Alsaker.

— Austevoll kommune er den kommunen i Hordaland som slit mest økonomisk. Den økonomiske situasjonen er svært alvorleg, seier fylkesmann Svein Alsaker.

I budsjettbrevet fra fylkesmannen til kommunen viser fylkesmannen til at det oppsamla underskotet ved utgangen av 2002 var på heile 23,3 millionar kroner. Likevel vil ikkje fylkesmannen oppheva budsjettet til Austevoll, men han krev ein budsjettrevisjon til sommaren.

Han vil heller ikkje godkjenne lån til anna enn vann og avlaup, som er finansiert med avgifter, og til heilt naudsynte skuleinvesteringar.

Fylkesmannen stoggar årlege kommunale tilskot til Fleirbrukshall ved Austevoll idrettsanlegg og til Austevoll Arbeidssamvirke. Fylkesmannen vil og halda attende to millionar i skjønstilskot. For å få pengane må budsjettet i reell balanse og kassakreditten må reduserast. Den er i dag på 25 millionar kroner.