Dei to stadene på vestlandskysten står no att som einaste alternativa for nasjonalmonumentet Oslo kommune refuserte. I første halvdel av mars kjem kunstnaren Knut Steen og dottera Hege for å sjå på dei to plassane som er i «kongelaget». Kor tid etter synfaringa vil dei avgjere kvar statuen skal plasserast.

I bladet Kommunal Rapport, som har teke på seg å hjelpe kunstnaren Knut Steen med å finne ei eigna plassering til statuen, får BT opplyst at dei i dag vil sende ut eit nyheitsbrev om kva stader som er aktuelle.

— Vi står igjen med to alternativ, opplyser journalist Tone Holmquist som derimot ikkje vil seie kvar.

- Vi får besøk

Frå Austevoll stadfestar derimot ordførar Helge Andre Njåstad at kommunen har fått informasjon om at dei får kunstnarbesøk i mars. Og at i tillegg til Austevoll, får også Skjerjehamn vitjing.

— Vi har fått melding om at dei kjem første veka i mars, seier Frp-ordføraren som alt er i full gang med å planleggje besøket.

I Austevoll er meininga å plassere monumentet på Marstein fyr. Då kommunen kjøpte Marstein gjekk dei ut med den høge ambisjonen om å utvikle staden til å bli eit like viktig symbol for Vestlandet, som fridomsgudinna er for New York. Njåstad meiner statuen vil bli ein viktig attraksjon for satsinga på turisme, opplevingar og kultur.

— Kong Olav var seglarkongen, og han hadde ein veldig sterk stilling på kysten. Det finst vel knapt nokon stad langs vestlandskysten som er så symboltung som Marstein fyr, seier Njåstad.

Næringslivet i Austevoll og nabokommunen Sund har teke på seg å finansiere statuen. Bilethoggar Knut Steen skal ha to millionar, den same summen Oslo kommune skulle betale. I tillegg må dei som får statuen også koste frakt frå Italia.

- Eg veit ikkje

På Skjerjehamn har eigaren av den gamle skyss- og gjestgjevarstaden i Gulen, fiskeoppdrettar Ola Braanaas, verkeleg lagt seg i selen for å få Olavstatuen. Han vil ha nasjonalmonumentet som berande kunstelement på staden han no er i ferd med å restaurere. Braanaas satsar på turisme på Skjerjehamn, men vil også gjere plassen til eit kunst- og kultursentrum. Han vil opprette ei legatordning slik at unge kunstnarar kan kome til staden for å arbeide og utvikle seg vidare.

Oppdrettaren, som for vel fjorten dagar sidan besøkte kunstnaren i hans italienske heimby Pietrasanta, var i går ikkje informert om at Skjerjehamn er med heilt i finalen.

— Eg håpar jo sjølvsagt at dei kjem hit, men har ikkje fått noko endeleg beskjed, seier Braanaas.

Ikkje aktuelle

Etter at Oslo sa nei til kong Olav V-statuen har rundt 30 personar, enkeltstader eller kommunar meldt si interesse. Fleire fall av undervegs, fordi det anten blei for dyrt eller dei fann ut at statuen ikkje passa. Både Fjell og Måløy var i denne kategorien.

Kunstnaren Knut Steen fall sjølv for idéen om å la statuen stå med havutsyn, og til slutt stod berre ein handfull stader att. Tønsberg laga krøll for seg sjølv ved at kommunepolitikarane utsette saka. Moskenes i Lofoten var lenge med, men har blanda Statens vegvesen seg inn. Meininga var å plassere statuen ved den nasjonale turistvegen som det blir arbeidd med gjennom Lofoten, noko vegetaten ikkje ville ha noko av.

Lengst med i konkurransen var Herøy på Sunnmøre. Ordførar Arnulf Goksøyr blei i går informert om at dei var ute.

— Kunstnaren ønskjer å besøkje berre to stader. Då fall vi ut, seier Goksøyr.

OMSTRIDD: tatuen av kong Olav V hamnar anten på Marstein fyr i Austevoll eller på den gamle gjestgjevarstaden Skjerjehamn i Gulen.
Young, Dan