Overfor bt.no stadfestar 1.betjent Gunnar Høiby ved Ullensaker lensmannskontor at kvinna formelt er sikta i samband med ulykka, og påtalemakta vil vurdere å tiltale kvinna etter den uforståelege tragedien på E6 sør for Gardermoen.

Reagerte ikkje

— Vi er enno tidleg i etterforskinga, og har fått melding frå Haukeland universitetsjukehus om at ho enno ikkje kan avhøyrast, seier Høiby.

Politiet kan ikkje seie noko om bakgrunnen for den uforståelege tragedien, ut over at vitneforklaringar går på at kvinna skal ha kjørt avgarde i raseri etter å ha slengt diverse gjenstandar ut av bilen.

— Ho kom med bil til plattformen utanfor avgangshallen. Deretter skal det ha vore ein seanse der ho oppførte seg aggressivt, og så skal ho ha tatt ein u-sving og køyrt avgarde mot kjøreretningen på riksveg 174 og deretter over på E6 mot Oslo.

Heile vegen skal kvinna ha lagt i dei to motgåande kjørefelta, og farten skal ifølgje vitne ha vore stor. Møtande trafikantar prøvde å gje signal med lys og horn, utan at kvinna gjorde teikn til å forstå.

Utvida blodprøve

— Forklaringane frå vitne som møtte henne tyder på at det har gått fort unna, seier Høiby.

Første meldinga om den livsfarlege kjøringa har politiet loggført klokka 10.55 langfredag, nøyaktig fem minuttar før kvinna frontkolliderte med to møtan-de personbilar etter drygt 12 kilometers køyring i motgåande køyrefelt. Det kosta tre av dei fire i den eine møtande bilen - Mari Gustavsen (8 månader), Endre Gustavsen (29 år) og Maren Hagen (84 år) - livet. Den 27 år gamle mor til barnet overlevde ulykka. Dei to mennene i den andre bilen kom også frå det utan alvorlege skader.

Politiet opplyser til bt.no at dei har tatt utvida blodprøve av den 41-årige kvinna, som har bustadadresse i Austevoll kommune og ifølgje folkeregisteret er ugift. Ho er overført til Haukeland universitetsjukehus, og vil bli avhøyrt så snart ho er i stand til det.

— Vi kjem truleg til å sende våre eigne folk over til Vestlandet for å ta opp forklaringa hennar, seier Høiby.