Både Austevoll kommune og Fylkestinget har akseptert at det i framtida skal gå berre ei ferje i rute mellom dei tre plassane, i staden for to slik det er i dag.

Dette er for å finansiere Austevollbrua som opnar for trafikk i 2008.

— Sidan me skal klare oss med ei ferje må den vera stor nok til å dekke behovet, og ikkje minst rask nok for å klare avgang kvar time. Det er eit krav frå Austevoll si side, skriv ordføraren i Austevoll kommune, Helge André Njåstad, i eit brev til Bergens Tidende.

Ferjesambandet skal setjast ut på anbod seinare i år, og tanken er at Krokeide -Hufthamar - Austevollshella skal ha eit samarbeid med ferjesambandet Husavik - Sandvikvåg.

— I dag er gjennomsnittsalderen på ferjene som går i Austevoll 30 år. Dette er ikkje godt nok. For å sei det litt spøkefullt så er nok Austevoll det einaste samfunnet i verda som har eldre ferjer enn ordførar, seier Njåstad, som er 27 år.