Direktør Ingvar Luvvik i Austevoll kraftlag er oppteken av å gje sine eigarar, det vil seia kraftlagets kundar, eit så rimeleg tilbod på tenester som råd er:

— Dei tenestene vi no bygger ut, er eit breiband som gir billegare teletenester, betre tilbod for fjernsynet med standardtilbod på rundt eit dusin kanalar og stabilt og hurtig breiband til internettbruk. Men dette er ikkje det vi er mest opptekne av, seier Lauvvik.

— Kva er det viktigaste for kraftlaget når de kastar dykk ut på denne marknaden?

— Det er å gje eit breibandstilbod som kan viska ut kommunegrenser og gje oss eit felles og gratis nettverk som vi kan bruka utan kostnader. Dersom vi kan få avtalar med nabokommunane og BKK om sams tilkopling av breibandtenestene, då vil vi ha eit fantastisk godt tilbod til mange næringsdrivande.

— På kva måte?

— Vi kan ha trafikk på våre regionale og lokale nett slik at ein næringsdrivande kan kjøpa tenester utanfor eigen kommune utan meirkostnad. På nettet kan til dømes eit lønningskontor for ei verksemd i Austevoll, gjerne ligga på Stord. Handel og tenestekjøp kan skje på nettet utan meirkostnader. På denne måten slepp vi opprivande krangel om kommunesamanslåingar og kommunegrenser, via breiband er vi knytt saman til minimale kostnader, seier Lauvvik som ønskjer at BKK også ville vera meir oppteken av å vinna inn på breibandmarknaden.

Også hytteeigarar har meldt si interesse for å bli knytta til breibandtenestene som kraftlaget bygger ut.