Pengane blir haldne tilbake om ikkje kommunen maktar å få reell balanse i økonomien.

Fylkesmann Svein Alsaker seier til Kystradioen at kommunen må sjå på store kostnadsfelt som skule og pleie og omsorg og vurdera om dette kan organsierast annleis enn i dag.

Formannskapet har nå sett ned eit rasktarbeidande utval som skal koma med forslag til nye kutt.

Prognosen så langt i år syner at Austevoll kommune vil gå mot eit underskot på knapt seks millionar kroner. Den viktigaste årsaka til dette er skattesvikt.