• Inge Bjarne Storebø var ein flott ordførar, men først og fremst var han ein god far, sa biskop Ole D. Hagesæther.

Aldri før har så mange vore med i ei gravferd i Austevoll som då ordførar Inge Bjarne Storebø vart ført til si siste kvile i går. Fleire hundre menneske måtte stå utanfor den stappfulle kyrkja på Storebø då den omtykte ordføraren skulle følgjast til grava.

Eit tusen menneske eller så var møtt fram, mange frå ulike kantar av Hordaland. Ein stor flokk frå fylkestinget og fylkeskommunen, mange ordførarar, partifellar, stortingsrepresentantar og organisasjonsfolk var mellom dei sørgjande som ville vera saman med familien i den vanskelege stunda.

Svært mange av dei tilsette i kommunen var og til stades.

Biskopen som ven og talar

Biskop Ole D. Hagesæther hadde sjølv teke turen til Austevoll og heldt talen for venen som så brått og brutalt vart riven vekk i bustadbrannen forrige helg.

Det var ei gripande og vakker minnehøgtid med varme helsingar frå næraste familie og medarbeidarar i organisasjonar og styringsverk.

— Inge Bjarne var ein flott ordførar, men først og fremst var han ein god far, sa biskop Hagesæther.

— Her i Austevoll er sorga over å ha mista den kjære ordføraren så umåteleg stor, for de hadde ein aksje i han alle saman. Han gjorde det godt rundt seg, og han skapte vennskap, sa biskopen som hadde med seg sokneprest Werner Larsen under gravferdsseremonien.

- Høvedsmannen er borte

Fylkesmann Svein Alsaker omtala han som «ein uredd talsmann for kystkulturen». Men framfor alt er det arbeidet han utførte for å betra kommuneøkonomien som fortener størst respekt, sa fylkesmannen.

— Austevoll har mista høvedsmannen og Hordaland eit viktig seglingsmerke, var avskilsorda frå fylkesordførar Gisle Handeland.

Han sa at med Storebø var ein av landets mest markante ordførarar borte. Fylkesordføraren ville likevel minnast han først og fremst som eit framifrå medmenneske med ein lun glimt i auga.

Uredd og engasjert

Leiaren i Hordaland Høgre, Øyvind Halleraker, rosa den avlidne som ein uredd ordførar, ein engasjert og god ven. Han hadde vore med i Høgre like frå ungdomstida og var ein moderne verdikonservativ politikar.

Olav P. Årland, som no fungerer som ordførar i Austevoll, framheva Storebø som ein roleg, klok og god leiar som hadde gode føresetnader for å skapa politisk semje i vanskelege saker. I ordførarrolla såg han på heile Austevoll som ein stor familie, sa han.

Tidlegare ordførar og stortingsrepresentant Magnus Stangeland helsa frå Lions Club og takka avdøde for alt han hadde gjort for ungdomen og nærmiljøet opp gjennom åra.