Utsiktsbrua ved Stegastein på fylkesveg 243 i Aurland er designa av bergensarkitektane Tommie Wilhelmsen og Todd Saunders, og strekkjer seg 33 meter ut frå det bratte terrenget om lag 650 meter over fjorden.

Allereie då Bergens Tidende hadde ein større reportasje i forkant av den offisielle opninga av utsiktspunktet i mai i år, hadde anlegget fått merksemd i ei rekke internasjonale magasin innanfor design, arkitektur og reiseliv.

No pregar det også framsida på Architecture, rekna som det mest prestisjetunge magasinet av sitt slag, under tittelen «Imaginative Leap». Inne i bladet følgjer fleire foto samt ein begeistra omtale av prosjektet. Det amerikanske fagbladet har no kome ut i 93 år, har rundt 88.000 abonnentar der over 76.000 av dei er arkitektar.

Utsiktsbrua i Aurland er utført i limtre med stålkjerne, er fire meter brei og strekkjer seg meir enn 30 meter ut frå fjellsida over Aurland. Ved avrundinga ytst på tuppen er publikum sikra av ei herda glasplate. Konstruksjonen er ein del av den statlege satsinga på norske turistvegar, og er supplert med nybygd p-plass og toalett like ved.

Fylkesveg 243 mellom Aurland og Lærdal er vegen som vart erstatta av den 24 kilometer lange Lærdalstunnelen, og byr på ekstremnatur og meir enn 1.300 meters høgd over havet.

Den smale og svingete vegen er framleis open sommarstid, og er ei heilt anna oppleving samanlikna med den lange og mørke tunnelen i fjellet under.

Nilsen Arne