Særleg bra var framgangen frå Sverige, Nederland, Frankrike, Spania og USA, melder Reisemål Hardanger Fjord.

Medan resten av Noreg har nedgang på tyske gjester, noterer Hardanger ein auke i forhold til 2005.

Hotella hadde nær tre millionar kroner betre resultat på losjiomsetninga, og belegg på rom gjekk opp 2,4 prosentpoeng. Det er likevel hyttesektoren som gjer det sterkast i 2006. Her var det auke på heile 7,8 prosent, fordelt på 4,4 prosent på norske overnattingar og 10,8 prosent på utanlandske gjestedøgn.

«Nye» marknader kjem

Sjølv om tala isolert sett enno er relativt små, ser vi ein sterk vekst på marknader som Russland (144 prosent), Brasil (133 prosent) og Polen (33 prosent). Asia samla går fram med 6,4 prosent. På hotella er det sterk framgang i yrkestrafikken, medan ferie— og fritidstrafikk går tilbake med 4 prosent. Kurs- og konferansemarknaden i Hardanger er på same nivå som i 2005.

Dårleg frå Storbritannia

Det uroar næringa at dei reisande frå Storbritannia for ein stor del har svikta Hardanger. Her er nedgangen på vel 1100 gjestedøgn (- 8,7 prosent). Det er fleire britar på hyttene i Hardanger, men hotella har 2000 færre britiske gjestedøgn. Sett i relasjon til auka flytrafikk frå Storbritannia til Bergen og Haugesund er dette alarmerande. Det syner seg at britane i større grad vel byane når dei reiser til Noreg. Her har både Oslo, Bergen, Stavanger og Haugesund stor auke. Distrikta i Hordaland og Sogn og Fjordane går alle tilbake.