Det inneber at Jondal kommune og ordførar Sigrid Brattabø Handegard (Sp) er blitt bønhøyrt.

Både Vegvesenet og Bergvesenet seier at dei som faginstansar er blitt overprøvd på politisk grunnlag. Samferdsledepartementet og Miljøverndepartementet har behandla og avgjort saka utan synfaring – trass i dei sterke åtvaringane.

Jondal kommune freista å behandle saka som «ei mindre vesentleg endring», men vart stansa av Fylkesmannen som slo fast at saka kravde ein ordinær planprosess.

Aukar rasfaren Vegvesenet meiner skiferdrift i området vil auke rasfaren og redusere effekten av det omfattande sikringsarbeidet som vart gjennomførd etter eit alvorleg ras i 2005.

Arbeidet vart avslutta i 2007. Vegvesenet meiner dessutan at ny avkøyring i området i tråd med dei krav ein då må stille, vanskeleg let seg sameine med vedtaket om vern av riksveg 550.

Ut frå ei totalvurdering og prinsippet om «føre var» har Vegvesenet konkludert med at «drift av steinbrot i dette området ikkje kan kombinerast med våre mål om ein sikker og trygg veg for vegfarande».

– Det var ein omfattande jobb vi gjorde etter raset som gjekk i mai 2005. Vegen er i dag trygg, men det vil endre heile situasjonen om ein nå tek til med steinuttak i området. Fjellet i området er veldig oppsprukke, seier Per Inge Naterstad. Han var byggjeleiar for rassikringa.

Både Vegvesenet region vest og Vegdirektoratet har gått sterkt imot å opne for bergverksdrift i det rasutsette området. Ein er redd for nye ras. Vegvesenet seier at ein gjennom rassikringsarbeidet har sikra vegen 90 prosent mot nedfall og at ein gjennom dette arbeidet har fått god kunnskap om korleis fjellet «oppfører seg» i denne ura.

«Dette har gjort oss endå meir urolege med tanke på at det skal setjast i gang aktivitet med uttak av stein i eit så utsett område like over og inntil ein riksveg.»

Vegvesenet seier rett ut at ein «finn det difor ikkje forsvarleg å tillate at det blir sett i gang aktivitet med uttak av stein».

Også Bergvesnet har vore sterkt kritisk til planane av omsyn til rasfaren.

Politisk påtrykk Det er sterke ønskje frå Jondal kommune om meir næringsverksemd som er bakgrunnen for det engasjementet kommunen har hatt i saka. Kommunen har mellom anna for eiga rekning engasjert ein privat konsulent for å overprøve Vegvesenet sin fagekspertise.

Det same gjeld Folgefonn Entreprenør, med dagleg leiar Oddmund Skeie, som står bak planane om skiferdrift. Han er tidlegare Sp-politikar i kommunen.

Sp-ordføraren i Jondal, Sigrid Brattabø Handegard, har hatt fleire samtalar med den politiske leiinga i Samferdsledepartementet om saka. Det opplyser statssekretær Geir Pollestad.

Grønt lys Og det var grønt lys frå Samferdsledepartementet som opna for at Miljøverndepartementet i mars godkjende reguleringsplanen frå kommunen. Den omfattar bergverksdrift i det aktuelle området.

Godkjenninga inneber likevel at det må gjennomførast omfattande nye sikringsarbeid.

Kor omfattande og kostbare desse tiltaka vil måtte bli, er det ingen som vil svare på i dag. Men Miljøverndepartementet opplyser at ein legg til grunn at det er tiltakshavar, det vil seie entreprenøren som vil ta ut stein, som må dekke desse kostnadene.

Kortvarig Folgefonn Entreprenør hadde i utgangspunktet lagt til grunn skiferdrift gjennom 30 år.

Bergvesenet har gjort det klart at planen byggjer på urealistiske og uakseptable føresetnadar. Bergvesenet krev nemleg at hellingsvinkelen på fjellet når uttak av stein blir avslutta, blir langt mindre bratt enn det entreprenøren la til grunn. Det inneber eit langt mindre uttak av stein. Konsekvensen er mindre årlege uttak eller langt kortare driftsperiode.

Bergvesenet meiner det høgst kan vere snakk om ti års drift, men mest truleg berre fem år.

Etter dette har entreprenøren presentert ein ny plan.

Bergvesenet meiner nå at den nye planen kan gjennomførast reint teknisk, men ein er likevel framleis usikker på om dette let seg gjere i høve til ferdsla på riksvegen.

Bergvesenet viser her til at det er Statens vegvesen som er rette faginstans.

Er nye arbeidsplassar så viktige at rasråd kan overprøvast? Sei di meining!

ALVORLEG RAS: Vegvesenet meiner skiferdrift i området vil auke rasfaren og redusere effekten av det omfattande sikringsarbeidet som vart gjennomførd etter eit alvorleg ras i 2005. Arbeidet vart avslutta i 2007.
ARNE HOFSETH