Det har vore meldt om lang ventetid på Bruravik som følgje av stengjinga av Gudvangatunnelen. Ferjene går no kvart 20. minutt, melder kommunikasjonssjef i Fjord1 Ingrid Færøyvik.

— Mannskapet på sambandet melder om at dei allereie ser effekten, seier ho.

Etterlyser alternativ

Fordi det kan ta opptil ein månad før Gudvangatunnelen opnar att, ber ordførarane i Aurland, Lærdal og Voss om at det kjem ei mellombels løysing med bilferje mellom Gudvangen og Lærdal.

«Stenginga medfører sjølvsagt store ulemper for trafikantar og næringsliv. Det er difor viktig å setja i verk tiltak som reduserer desse ulempene.» skriv ordførarane i eit brev til Statens vegvesen i går, fredag.

— Dette er ein europaveg og hovudvegen mellom Oslo og Bergen. Staten har eit ansvar for sambandet mellom våre to største byar når slike ulykker skjer, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad.

Ordførarane ønskjer seg to ferjer med god kapasitet.

— Me er kjend med ønskjet, men me har prioritert sambandet over riksveg 7 og riksveg 13, seier Paal Fosdal, fungerande regionvegsjef i Statens vegvesen, region vest.

Han fortel at det ikkje er ledige ferjer no.

— Dette må me eventuelt vurdere seinare.

Full turistferje

Tipserarar melder at turistferja mellom Gudvangen og Flåm er smekkfull i desse dagar på grunn av at tunnelen er stengt. Passasjerar som har bestilt plass på førehand, blir ståande att på kaia.

Allereie før tunnelen vart stengt, var det problem med kapasiteten på ferja.

I fjor haust vart eit følgje frå Japan så sinte då dei ikkje kom om om bord, sjølv om dei hadde bestilt plass eit år i forvegen, at dei stilte seg på ferjelemmen og hindra ferja i å gå frå land.