Arbeidarpartiet, ved Arne Jakobsen, måtte nøya seg med å slå fast at høgare billettpris ikkje kunne godtakast. Høgre, ved Roger Iversen, sa det same, om berre rammene vart romslege nok. Og sentrumspartia har jamvel programfesta at taksten skal setjast kraftig ned.

Då meiner dei frå nyttår, og satsar på at ei ny regjering skal gje landet ein ny kollektivpolitikk gjennom statsbudsjettet for 2002.

Sinnrik reknemåte

Men i går visste altså ingen korleis dei kan hindra busselskapa i å auka taksten om to veker. Problemet for busselskapa, er at dei for 2000 berre har fått att 80 prosent av meirutgiftene gjennom auken i dieselavgifta. Medan alle, også dei fleste på Stortinget, trudde at busselskapa skulle få att 100 prosent då dieselavgifta vart innført i 1999.

Samferdslesjef Magnus Vestrheim snakkar om ein sinnrik måte å rekna på i Samferdsledepartementet som det er uråd å forstå noko av.

Ikkje med glede

Dermed manglar det vel 9 millioner kroner for heile Hordaland.

I tillegg vil busselskapa og ha att meirutgiftene ved at momsen steig i sommar. Her er det snakk om 5 millionar kroner

— Vi må anten få pengane straks, eller klåre garantiar for at pengane kjem. Får vi ikkje det, må billettprisen aukast, seier administrerande direktør Arne Buanes i Gaia Trafikk til Bergens Tidende.

— Ingen må tru at det er med glede vi aukar prisane, men vi er nøydde til å sikra dekning for utgiftene våre, legg Buanes til.

Han seier at dei ikkje har rekna på kor mykje taksten må stiga. Men i 2000 steig billettprisen frå 17 til 18, så til 19 og til 20 frå siste årsskiftet. Så no vert det vel 21 kroner. Og i takt med prisauken går passasjertala nedover. Minister på oppseiing

Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikken. Der vrir dei hendene sine i rådløyse.

— Pengane for i år er fordelte. Det finst ingen ting att, seier samferdslesjef Magnus Vestrheim. Fylkesordførar Gisle Handeland har skrive brev til samferdsleminister Terje Moe Gustavsen og bede om eit møte om saka. Ettersom Terje Moe Gustavsen no sit på oppseiing, er det lite truleg at møtet vert noko av. Og det vil truleg ta tid før fylkesordføraren kan takast i mot av den nye samferdsleministeren, kven no det skulle verta. Fylkesutvalet 27. oktober er siste sjanse før oktober månad til å gje eit svar busselskapa er nøgde med.

NY PRISAUKE: Busstakstane vert auka på nytt, utan at politikarane klarar å hindre det.
ARKIVFOTO: RUNE NILSEN