— Vi kan aldri sleppe taket i arbeidet med å sikre rasfarlege strekningar og vi skal jobbe på alle måtar, tverrpolitisk og på tvers av fleire fylke. Eg er redd for at dei trafikktette vegane på Austlandet får for stor merksemd, medan vi som køyrer dagleg på rasfarlege strekningar med mindre trafikk, kan få svekka politisk innverknad. Difor kan vi ikkje kvila i arbeidet med å gjera alt for å halda oppe og auka dei løyvingar som trengst. Og berre i vårt fylke snakkar vi om milliardar om alle vegstrekningar skulle vore heilt sikra. Det er postar på statsbudsjettet som går til rassikring, og vi kan i alle fall ikkje godta at dei postane blir svekka.

Presser heile tida

— Det er vel ikkje realistisk å tru at storsamfunnet vil betala alt det kostar å sikra?

— Heile tida må vi halda oppe presset, vi kan ikkje gje oss på at det er vegstrekningar som krev liv og helse. Vi er nok nøydd å leve med at vegstrekningar ikkje kan vera 100 prosent sikra, men så langt råd er må vi sikra vegane. Paradokset er at på den strekninga i Jølster det skjedde ei ululle fredag, er det gjort ein del sikringsarbeid. Men det var altså ikkje nok. Med dei bratte fjella som er i vårt distrikt, må vi rekna med at noko kan skje og steinar falle ned.

— Kunne det vore gjort meir?

— Eg kunne ynskt meg meir forsking. Kanskje det hadde vore mogeleg å overvaka fleire rasfarlege strekningar med elektroniske måleapparat og andre konstruksjonar som hadde varsla betre. Men dette er ting vi berre kan ynskja oss, eg veit ikkje kor langt ein kan gå denne vegen. Men slik naturtilhøva er her vest, kan vi aldri trygga oss hundre prosent mot ras.

Fylkesordføraren veit at det kostar mykje å sikra rasfarlege strekningar, ofte er det overbygg eller tunellar som må byggjast.

Opplevde ras

Nils R. Sandal har jobba som bussjåfør og trailersjåfør i fylket. Han veit kva det vil seia å hamna midt i eit ras:

— Eg har opplevd at bussen min vart teken av ras mellom Brekke og Takle. Det var ei forferdeleg kjensle å oppleve korleis raset tok tak i busen og flytta den fleire meter utan at du kunne gjere noko. Til alt hell stod bussen fast i støypekanten, fortel Sandal.

Sandal peiker på ei rekkje strekningar i fylket som må utbetrast før nye ulukker skjer:

— Måløy-Raudeberg, Fatlaberg mellom Leikanger og Sogndal, Naustbukta på vegen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen er nokre eg kjem på i farten. Dette er strekningar der folk køyrer kvar dag. Det handlar også om eit dagleg press og angst hjå dei som ferdast på vegane, seier fylkesordføraren i Sogn og Fjordane. Fredag kom han forbi rasstaden i Jølster like etter at ein 19 år gamal gut vart stygt skada i beina av steinras som fall ned på bilen:

— Då eg passerte raset i Jølster på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden, gjekk mine tankar til den stakkars sjåføren som hadde blitt råka av steinraset. Det er forferdeleg å tenkja på at han har fått så store skader og eg har verkeleg medkjensle med han og familien, seier Sandal.

DAGLEG ANGST: Folk som må ferdast langs rasfarlege vegar på vestlandet opplever angst og redsle. Difor må sikringsarbeidet styrkast, meiner fylkesordførar Nils R. Sandal. Han har sjølv vore fordi rasstaden i Jølster, der ein 19-åring fekk ein kjempestein over bilen fredag.<br/>Foto: PER MARIFJÆREN