Det seier assisterande avdelingsleiar Olav Henrik Haugen ved Øyeavdelingen ti Bergens Tidende.

Dårlegare kvalitet og mindre kapasitet blir konsekvensen av innsparinga på Øyeavdelingen. Vi må ta inn færre pasientar, og ventelista vil auka, seier Haugen.

Avdelinga har ingen formelle landsfunksjonar, men dei tar i mot pasientar med lidingar i augehola frå store delar av landet. Haugen meiner det å behandla denne pasientgruppa utan eigen sengepost er vanskeleg, og nesten umogleg.

Rammar dei eldste

— Vi synest dette er eit dårleg forslag. Å kutta ned på senger har vi gjort i mange omgangar. Augefag har dei seinare åra blitt lagt om til meir og meir poliklinikk på dagtid, og mindre bruk av senger. Den utviklinga er grei nok. Men dei eldste og mest skrøpelege får ofte bruk for sengeposten. Dermed er det dei dette vil gå ut over. Ein del operasjonar krev også innlegging, seier Haugen.

— Det er klart mykje som er mogleg. Men kvaliteten på å liggja i eitt bygg, og få behandling i eit anna bygg, er vanskeleg, meiner han.

Overbooka

Øyeavdelingen har no 15 senger, og er ifølgje Haugen overbooka heile tida.

Det skal etter det Haugen kjenner til sparast 20 sjukepleiarstillingar fordelt på Kvinneklinikken og Øyeavdelingen. Sengeposten med 15 sengeplassar ved Øyeavdelingen blir lagt ned. Som kompensasjon får Øyeavdelingen åtte sengeplassar ved gynekologisk avdeling på kvinneklinikken.

— Vi vil stilla som krav at sjukepleiarane som skal ta hand om augepasientar skal ha fagleg kompetanse for behandlinga dei treng, poengterer Haugen.

Heller ikkje på Kvinneklinikken er dei begeistra for omstruktureringa. Konstituert seksjonsoverlege Jone Trovik ved Gynekologen synest det er dramatisk.

— Frå eit allereie dårleg operasjonstilbod får vi no eit nærast ikkje-eksisterande tilbod, fortel Trovik.