Sæterdal fryktar at uro og rykte vil bre om seg i Førde. Drapssaka berører rett nok ingen av kommunens skular eller barnehagar direkte, men skulsjefen meiner at dersom drapet ikkje blir raskt oppklart, vil det i aukande grad berøre også skulens folk – som innbyggarar i Førde.

— Påminning om ansvaret

«Media skal ha stoff kvar dag, og til lenger tid det går før det kjem fram noko konkret, til meir vil media bruke alt som kan vere av interesse», heiter det mellom anna i skrivet han har sendt til skule- og barnehageleiarar i Førde.

Og litt lenger nede i rundskrivet: «Det betyr at vi ikkje skal la oss bruke av media i spekulasjonar og synsingar, men la politiet ta seg av den informasjonen og vurderingar om det er grunn til uro for folk flest. (...) Dersom ikkje politiet finn noko, vil denne saka fort kunne utvikle seg til ei sak a la Geirangersaka. Serleg no når det går mot sommar og media skal ha stoff. »

— Kvifor er det nødvendig å sende ut ei slik melding til leiarskiktet i skulane?

— Fordi ingen i skuleverket skal bidra til å spreie unødig frykt blant folk, seier Helge Sæterdal. – Dette er ei påminning om det ansvaret vi har som øvrigheitspersonar i Førde kommune.

- Ikkje munnkorg

– Men er dette ikkje ein heilt sjølvsagt ting for erfarne skulefolk?

— Jo, det kan du seie. Men av og til treng vi ei påminning nokon kvar. Og leiarane i min etat tykkjer det er helt greitt. Du er faktisk den første som har stillt spørsmål rundt dette, seier Sæterdal, som understrekar at brevet ikkje skal oppfattast som ei munnkorg.

Brevet er sendt ut til samtlege leiarar innan skuleetaten, og det framgår også at innhaldet er klarert med rådmannen, som i sin tur har vore i kontakt med lensmann Kjell Fonn.

Ifølgje brevet er dei to samde om at det er ordføraren som skal være den som frontar spørsmål rundt drapssaka på vegne av Førde kommune.