I kveld kjem olje– og energiminister Terje Riis Johansen til Førde for å møte kommunar som får den knapt 300 kilometer lange 420 kV linje frå Fardal i Sogndal til Ørskog ved Ålesund innom grensene sine. Nokre timar før møtet med kommunane, åtvarar Venstre-leiar Trine Skei Grande statsråden mot å gå i same fella som med Hardangerlinja.

— Venstre vil at ein skal unngå same tabben som i Hardanger, skriv Skei Grande i ei pressemelding no i ettermiddag.

I Stortinget har partiet levert eit framlegg om at regjeringa må syte for at Statnett på ny greier ut ulike alternative traséval og teknologiske løysingar på dei mest sårbare strekningane. Partiet vil ha eit uavhengig utval til å vurdere dei same løysingane.

I pressemeldinga skriv Skei Grande at Fardal–Ørskoglinja vil gje store naturinn-grep, ikkje minst i den nordlege delen. Venstreleiaren skriv at det ikkje er moglege å gjennomføre dette prosjektet utan at det blir store konfliktar i forhold til nasjonale miljøverdiar.