— Å ta fatt på dette kan få konsekvensar, åtvara Ullensvangordførar Solfrid Borge då ho nyleg informerte kollegaene i Hardangerrådet.

Eit orienteringsmøte er tidfest til 7. desember i Kinsarvik.

— Eg vil tilrå alle herada å tenka seg godt om før møtet i Kinsarvik. Eg vil åtvara mot å ta fatt på noko utan å vita kva ein vil, seier Borge til Bergens Tidende.

Departementet har løyvt 500.000 kroner til utgreiing av to alternative samanslåingsprosjekt. Solfrid Borge trur Staten ventar resultat av eit såpass stort tilskot - at det forpliktar å opna denne pengesekken.

— Då byrjar ballen å rulla. Departementet vil neppe akseptera at vi brukar opp pengane og deretter slår ut med hendene og seier diverre, vi vil ha det som før.

Dei andre kommunane i Hardanger har i sine vedtak om eventuell samanslåing sagt at dei primært ynskjer å halda fram som eigen kommune.

— Berre Ullensvang har gjort vedtak om at heradet skal opphøyra, seier Borge, og gjer merksam på at ho høyrde til mindretalet som røysta mot.

I samsvar med fleirtalsviljen har Ullensvang sett ned eit utval til å driva saka vidare. Utvalet er leia av Knut Djønno frå Oksenhalvøya på nordsida av fjorden, den minste delen av den tredelte kommunen. Han har med seg varaordførar Kjetil Kvalvik, til dagleg politiadvokat, og Geir Midttun.

Det som skal utgreiast er samanslåing av Odda, Ullensvang og Jondal, alternativt Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Granvin.

Odda har signalisert interesse for det første alternativet, og ordførar Toralv Mikkelsen ser liten fare i å ta ein første utgreiingsrunde. Først når det er aktuelt å be om meir pengar til å utgreia detaljar i eitt av prosjekta, vil ein vera forplikta til å endra kommunegrensene, meiner han.