I brevet nemner fylkesmannen fleire saksområder i fylkeskommunen sin modell som anten vil skape konfliktar internt i fylket, eller som kan vera i direkte strid med føresetnadene som departementet har satt i invitasjon om prøveordninga med einskapsfylke.

Vil bli landets første overkommune

Fylkeskommunen søker om ei maktflytting til fylket på fleire viktige styringsområder der staten i dag har styringa. Det kan gjera Sogn og Fjordane fylkeskommune til den første «overkommunen«i landet ifølgje fylkesmannen.

Drøftingane mellom dei to partane i haust har ikkje ført fram til semje.. I går sende fylkesmannen sine kommentarar til departementet, og skriv:— Det er eit dårleg utgangspunkt at fylkeskommunen åleine, på tvers av forhandlingsresultatet mellom fylkesmann og fylkeskommune, søkjer om ei forsøksordning.

Krystallklar avvisning

Fylkesmannen er krystallklar når han i avslutninga av brevet til kommunaldepartementet åtvarar mot intensjonane i søknaden frå fylkeskommunen:

— Fylkesmannen finn det vanskeleg å delta i planlegging av forsøk om einskapsfylket basert på andre føresetnader enn det departementet legg opp til. Eit vellukka forsøk er avhengig av at det blir etablert ei felles plattform, basert på tillit og forståing for kvarandre sine oppgåver, skriv fylkesmannen.

Han avsluttar brevet med å avvise forsøket i Sogn og Fjordane:

— Fylkesmannen vil konkludere med at det ikkje er rett tidspunkt for dei to organisasjonane (fylkesmann og fylkeskommune red. anm) til å gå inn i eit forsøk med einskapsfylke, men at det heller blir sett i gang eit utvida og meir formalisert samarbeid.