Politiet i Etne og Vindafjord åtvarar mot eit ukjent narkotisk stoff etter at fleire har fått i seg overdose og falt i koma.

— Me har alt hatt minst tre personar i koma, og andre som har måtta ha lege- og ambulansehjelp etter å ha fått i seg stoffet, seier lensmannen i Vindafjord, Ingvar Gjærde til avisa Grannar.

Stoffet er i klar væskeform, og politiet mistenkjer at det er ei blanding av GHB og nok anna, melder NRK Rogaland.

Fleire skal også ha fått kjøttsår og etseskadar av stoffet, andre har fått kraftig diaré.

— Eg er redd for at me kan mista ungdommar på grunn av overdose om me ikkje får vekk dette stoffet, seier Gjærde til Grannar. Stoffet skal være tilgjengeleg på marknaden både i Etne, som ligg i Hordaland og Vindafjord i Rogaland. Politiet har kontakta helsevesenet i kommunane.