Oppsynskvinne Rigmor Solem inspiserte tysdag området der en mann i 30-årsalderen vart knust under ei ustabil steinblokk. Dødsulykka skjedde for vel to veker sidan, og no ropar ho varsko.

— Folk må vere klar over at området har endra seg i år, og at det kan vere ekstremt farleg i dei bratte områda, seier Solem til Bergens Tidende.

— Snømangelen gjer også at turar som eksempelvis Store Skagastølstind blir langt meir tidkrevjande.

Aldri sett liknande

I normalår går mykje av ferdselen i Jotunheimen over område med både brear og snøfelt som ikkje smeltar vekk i løpet av sommaren. Men i år har det vore uvanleg lite snø, og stor nedsmelting, slik at store - normalt snødekte - fjellareal ligg oppe i dagen.

— Aldri tidlegare har eg sett så lite snø og så mykje laus stein der oppe på denne tida, seier Rigmor Solem i Statens Naturoppsyn. Ho har drive oppsyn i Jotunheimen dei siste 17 åra. Men åtvaringa gjeld ikkje berre Jotunheimen.

— Mange av dei aller mest populære fjellområda i Sør-Norge har endra seg radikalt, og det er langt større fare å ferdast her i år enn tidlegare, meiner ho.

— Sjølv var eg oppe mot Store Skagastølstind denne veka, i området der dødsulykka skjedde. Dette er dei mest utsette områda, og det er akkurat slike ulykker vi no åtvarar folk mot.

Laust fjell som tidlegare har vore stabilisert og sementert inne i snøfelta, er no i det fri. Mykje av det er svært ustabilt. Eit lite puff eller spark er alt som skal til for at store blokker skal rase ut i dei bratte områda.

Tar lenger tid

— Folk må vere svært forsiktige for ikkje å utløyse stein. Mange stader er det i praksis fritt fall nedover, og det skal ikkje store steinen til for å slå ut personar som kjem lenger nede i terrenget.

Ein annan konsekvens av dei unormale snøforholda er at folk må rekne seg lenger tid enn tidlegare på turane.

Dette fordi nedre halvdel i den bratte delen av ein tur som Store Skagastølstind, altså etter at ein har passert hytta på Bandet, normalt har gått over mange snøfelt. Her har ein tidlegare kunna spare tid med stegjern oppover, og ikkje minst ved å skli på hælen nedover.

Men i år må ein i staden trakke på bratt ustabilt fjell, og heile tida vere svært forsiktig med korleis ein går.

Klatredelen av oppstigninga til den 2405 meter høge toppen er som tidlegare år.

— Frå Turtagrø er Store Skagastølstind ein alpin tur som krev god klatreerfaring eller guide. Normalt tek det 13-14 timar. I år bør ein rekne med å bruke to timar meir. Dette er noko også erfarne fjellfolk bør merke seg, seier Solem.

— Noko anna er uansvarleg, fordi ein då ikkje får tid til å vere så forsiktig som ein bør. I dette bratte terrenget er det ikkje berre seg sjølv ein utset for fare.

Fjellet lever

Trafikken i Jotunheimen har så langt i år vore større enn i fjor. For 10-15 år sidane starta også ei nedsmelting av snømengdene i alpane.

Tidlegare i år vart eksempelvis publikum haldne unna dei mest brukte rutene til Matterhorn (4478 m.o.h.) i fleire veker for at områda skulle bli reinska for laus stein.

Noko liknande er ikkje på tale i Jotunheimen. Men turisttrafikken i området er aukande, og Solem vil heller ikkje rå folk frå å bruke desse fjellområda no i sommar.

— Men folk må vere merksame på korleis forholda er, og ta konsekvensane av det. Ein slik konsekvens er å rekne lenger tid på turane, å ta seg tid til å vere så forsiktig at ein ikkje utløyser stein, seier ho, og fortel om elles svært fine forhold, lite snø og uvanleg frodig terreng.

— Men vi må bruke hovudet når vi ferdast, og ikkje tenke på fjellet som noko heilt stille, stabilt og statisk. Dei lause steinane vil bevege seg nedover, før eller seinare. Og i år er fjellet spesielt levande, seier Rigmor Solem i Statens Naturoppsyn.

<b>LIVSFARLEG LAUS STEIN:</b> - Det kan vere ekstremt farleg i dei bratte områda, seier oppsynskvinne Rigmor Solem i Statens Naturoppsyn. Her inspiserar ho ein laus steinblokk på Store Skagastølstind, i området der ein mann omkom for to veker sidan.<br/> (FOTO: STATENS NATUROPPSYN)
STATENS NATUROPPSYN