— Er det rett av Staten å bruka svære offentlege midlar til å stimulera til enda lengre pendling? spør Kristen Knudsen.

Samferdsleeksperten på Røa stiller seg skeptisk til eit høgfartstog som utvider pendleområda, og legg opp til større avstand mellom heim og arbeidsplass.

— Klima- og miljømessig må dette vera ein katastrofe samanlikna med at folk kan bu i mindre og mellomstore byar og arbeida der, seier Knudsen.

Om ein reknar halvannan time som grense for dagpendling, vil lyntoget plassera mesteparten av Hallingdalen innanfor pendlaravstand frå Bergen.

Knudsen peikar på at heile Vestfold og Østfold vil vera innanfor pendlaravstand frå Oslo, og nordover like til Hamar. Oslo-området har 1,6 millionar menneske i 60 kommunar.

— Eg ser på utvidinga av pendlarområda som den viktigaste regionalverknaden av høgfartstoget, seier Knudsen.