— Påskesola er spesiell. Mange har ikkje fått sol på kroppen på lenge, og risikoen for å bli brent er ekstra stor, fortel seksjonslege ved Haukeland universitetssykehus, Dag Sollesnes Holsen, til BT.

— I år står sola høgt på himmelen, og det er framleis snø. Iallfall veit folk å finne den. Men krampaktig påskesoling kan medføre større risiko for solforbrenning, og på sikt også føflekkreft.

Tankevekkande nok i desse påsketider er det solskader og solaldring som fører flest kreftpasientar til Hudavdelinga på Haukeland universitetssykehus.

— Folk må bli klar over kor viktig det er å investere i solbeskyttelse. Det vil dei hauste frukter av i mange år framover. Men hudkreft er ein prosess som utviklar seg over lang tid, og det er vanskeleg å få folk til å forstå effekten å verne seg no, seier Holsen.

Derfor anbefaler Haukelandslegen høg solfaktor.

— Gjerne balanserte produkt som vernar både mot UVA- og UVB-stråling. Men dette er relativt nye produkt, og eventuell kreftreduserande effekt kan vi neppe dokumentere sikkert før om mange år, understrekar Holsen.

— Åtvarar du oss mot påskesola?

— Eg åtvarar mot å bli forbrent. Men ingenting er vel betre enn at folk kjem seg ut i sol og frisk luft når sjansen byr seg, svarar Holsen.