• Høgre og Erna Solberg får dominere distriktspolitikken for mykje. No må statsministeren skjæra gjennom før det vert for seint.

Dette vert truleg hovedbodskapen til statsminister Kjell Mange Bondevik og dei andre KrF-statsrådane når Hordaland Kristeleg Folkeparti møtest til årsmøte i Bergen i dag.

— Programmet vårt stadfester at regionpolitikk er viktig for Kristeleg Folkeparti. No må vi forlanga at statsministeren set foten ned.. Han må gjera det klart for Høgre at det framleis skal vera tre forvaltningsnivå her i landet, seier Torill Selsvold Nyborg som er fylkesvaraordførar i Hordaland.

I dag vert truleg Nyborg vald til fylkesleiar for partiet etter fedje-ordførar Vilgerd Storset Husa som trekkjer seg. No ber Nyborg partiet sine statsrådar vera på vakt mot høgrevri.

Høgrestempel

Det er spesielt Høgrestempelet på regionpolitikken som bekymrar Nyborg.

— For Kristeleg Folkeparti er det eit ideologisk spørsmål at avstanden ikkje skal verta for lang mellom dei som styrer og dei som vert styrt. Men bremsar ikkje regjeringa no, er fylkeskommunen borte før vi veit ordet av det, seier Nyborg som også synest at regjeringa har gått vel langt å foreslå ulike privatiseringstiltak..

Partiveteranane Øyvind Fluge og Brynjulf Hernes deler Nyborgs bekymringar.

Fluge seier det slik:

— Kva hjelper det å ha ei hand på rattet dersom vi ikkje viser at vi er med og styrer.

Mager trøyst

Han etterlyser ein klarare KrF-profil på regjeringa.

— Til no synest eg ikkje verken statsministeren eller dei andre statsrådane våre har vore så synlege som ein burde forlanga.

Fluge legg heller ikkje skjul på at han synest Høgre dominerer politikken.

— Til no har det vore langt mellom gevinstane for oss. Eg synest ikkje at det er nokon særleg gevinst å skryta av at Høgre går med på stoppa ølsalet i forretningane klokka åtte om kvelden, seier den tidlegare Askøyordføraren.

Brynjulv Hernes etterlyser også ein klårare distriktsprofil.

Men han orsakar regjeringa med at ho enno ikkje har fått høve til å utarbeida sitt eige budsjett.

— Men eg ventar ein meir markert distrikts- og Krf profil må neste års statsbudsjett, seier han.