— Å tvinge seg til å jobbe når ein er sjuk, er jo som å pisse i buksa når det er kaldt, seier Espen Berntsen.

Han er nestleiar på restaurant Egon Bristol og merkar at influensaen er på veg. Dei siste vekene har sjukefråværet tatt seg opp i rekkjene hans. Dersom han ikkje hadde vore flink til å sende dei sjuke heim, kunne nok fråværet vore enda høgare, trur han.

Det verste kjem no

Det ligg allereie i lufta, og verre skal det bli. Dei neste par vekene vil fleire og fleire vestlendingar bli influensasmitta. No åtvarar Norsk Folkehelseinstitutt mot «heltane i arbeidslivet»:

— Vi har jo eit prestasjonssamfunn, og det er stadig fleire som føler at dei ikkje kan bli heime når dei blir dårlege. Dermed gjer dei langt meir skade enn nokre dagars fråvær medfører, seier overlege Bjørn Iversen i Folkehelseinstituttet.

I desse dagar finst dei overalt. Heltane som held ut, som møter på jobb og held ut trass i feberblanke auge, sår hals og skjelvetokter. Dei har ting som må gjerast, dei er effektive og dei leverer resultat som avtalt.

Og dei gjer meir skade enn nokon anar.

— Det hjelp ikkje å ha et gullreint kjøkken, dersom dei som jobbar der står og nys. Hos oss er me veldig bevisst på at folk ikkje går på jobb om dei hanglar, både for deira egen del, for kollegaenes del, men ikkje minst i forhold til maten og kundane, fortel Espen Berntsen på Egon Bristol.

Har folk i bakhand

Når ein jobbar så tett på kvarandre og i så høgt tempo, merkar dei med en gong dersom nokon ikkje er frisk. Når nokon blir sjuke har nestleiaren eit lite koppel med ringjevikarar og deltidstilsette han kan få tak i.

— Det er den beste garderinga ein kan ha mot det presset som oppstår når ein er sjuk og følar ein berre må på jobb, seier Berntsen.

— Og så er eg overbevist om at miljøet på jobben har alt og sei. Korleis arbeidsgjevar taklar det at folk blir sjuke, og at folk ønskjer å stille opp for kvarandre, held han fram.

Gå til sengs

— Vårt råd er heilt klart, også til dei som føler seg uunnverlege: Ikkje prøv å vere helt ved å gå å hangle på jobb. Du vil truleg smitte eit stort tal menneske rundt deg. I tillegg brukar den som pressar seg slik mykje lenger tid på sjølv å bli frisk igjen, seier Iversen.

Han ber folk tenkje på at dei er aller mest smitteberande i starten på sjukdomsforløpet.

— Og det er ikkje vanskeleg å merke at ein blir sjuk. Det går berre få timar frå dei første symptoma til ein er sengjeliggande, seier overlegen. - Dei som kjenner at dei klassiske influensasymptoma er på veg, bør leggje vekk alt anna og kome seg heim til senga.

- Blir skikkeleg sjuke

Normalt tar det mellom eitt og tre døgn frå du blir smitta til du blir sjuk. Sjølve sjukdommen varer normalt mellom tre og fem døgn. Så er det alt frå nokre dagar til to veker med hangling før dei er heilt på topp igjen.

— Årets influensa er eit normalt stort utbrot. Men vi har mange legar som rapporterer om folk som har blitt skikkeleg dårlege, seier Iversen. - Det vanlege er rundt 40 i feber, slappheit, vondt i hovudet, leddsmerter og muskelverk. Omtrent som å bli overkjørt av ein dampvegvals, med andre ord.

Trøysta er at etter ein slik raptus er pasienten nærast immun mot alt som heiter influensa i lange tider - langt betre enn det vernet ei vaksine kan gje.

Inntil vidare er Austlandet hardast ramma, men Vestlandet er på god veg oppover mot landsgjennomsnittet. I løpet av dei to neste vekene er vi der, og da vil nesten fem prosent av alle legekonsultasjonar i landsdelen handle om influensa.

Lillebø, Jan M.