Folk i Florø, Svelgen og på Nordfjordeid har allereie gått fem på. No åtvarar politiet folk mot å kjøpe smykke frå utlendingane som opererer i gatene.

Det er nemleg ikkje gull alt som glitrar.

– Urmakarar har sjekka, og det er ikkje gull. Dei sel smykka for ein slikk og ingenting, så slik sett burde det ikkje vere noko overrasking, seier operasjonsleiar Atle Jansen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet har vore ute og kikka etter utlendingane, som skal vere tyrkiske. Dei har vore fleire stader i fylket, og politiet har blitt nedringt av misnøgde kundar.

Seljarane stopper folk i gata, og vil ha dei til å kjøpe. Rådet til Jansen er enkelt:

– Folk må berre la vere å kjøpe, så dreg dei att.