Slike grillar er blitt så populære at dei også er blitt eit bos— og brannproblem.

Ein container på Åkrasanden på Karmøy tok fyr og gjorde skade for 30.000 kroner, truleg som følgje av at ein brukt eingongsgrill var kasta oppi.

I fleire område er det óg gjort brannskade på vegetasjon, bryggjer og benkar som følgje av uforsiktig omgang med eingongsgrill. Enkelte sløkkjer grillen ved å kasta han i sjøen, der han kan vera til fare for badande.

Friluftsrådet oppmodar folk til å nytta alternative grillplassar der dei er tilgjengelege.

GRILLSESONG: Vær forsiktig!