Onsdag ettermiddag har politiet i Sogn og Fjordane fått melding frå tre ulike butikkar, som alle skal ha blitt svindla av to utanlandske kvinner.

– Dei handler noko lite, og så lager dei så mykje styr når dei skal betale at dei klarer å få tilbake for mykje vekslepengar, fortel operasjonsleiar Olaug Holme.

Brun kåpe

Til saman skal kvinnene ha fått med seg 1000 kroner frå to butikkar i Førde og ein på Skei. Butikkane sel musikk, kle og verktøy.

Politiet har så langt ikkje fått melding om at tjuvane har vore fleire plassar, men utelukkar det ikkje. Dei er heller ikkje sikre på om kvinnene har medsammensvorne.

Den eine kvinna var iført ei brun kåpe og er mellom 40 og 60 år, medan den andre er i 20-30 åra.

Tips om bil

To køyretøy er observert på veg nordover frå Skei, ein mørk og ein lys. Politiet har fått tips om konkrete bilar, som dei no er på utkikk etter. Politiet ber andre forretningar om å vere forsiktige.

– Dei må vere merksame, og følgje med så dei ikkje blir lurt.