• Norwegian Defence League står for rabiat anti-islamisme og har dessutan band til folk som romantiserer vald, seier journalist Øyvind Strømmen.

Han har i mange år følgd med på dei ytterleggåande høgrekreftene og på anti-islamistar i Noreg og Europa. Nyleg gav han ut boka «Det mørke nettet». Der skriv han blant anna om Norwegian Defence League (NDL), som laurdag hadde sitt første møte i Bergen. Han meiner ungdommane som er på veg inn i organisasjonen bør tenkje seg godt om, og setje seg inn i kva NDL eigentleg er.

—  Dei seier dei er imot valdsbruk. Men samstundes er NDL ein avleggjar av English Defence League (EDL). Der finn vi enorme mengder valdsromantikk og ytterleggåande standpunkt, seier Strømmen.

EDL har også vore direkte involvert i vald. I juli enda ei pubsamling med at EDL-aktivistar gjekk laus på ei kebabsjappe i Plymouth.

Rabiat anti-islam

Strømmen meiner EDL har fått ein stadig sterkare kontroll med den norske avleggjaren, etter at den tidlegare leiaren Lena Andreassen forsvann ut tidlegare i år.

Strømmen trur ikkje ungdommane som deltek i NDLs Facebook-grupper nødvendigvis er klar over kva dei er på veg inn i.

—  NDL seier at dei er 100 prosent ikkje-valdelege og imot all rasisme. Det er ein del av strategien. Men samtidig står organisasjonen for ein rabiat anti-islamisme utan rom for nyansar. Dei skil ikkje mellom radikale islamistar og andre muslimar, og dei dyrkar konspirasjonsteoriar, seier Strømmen.

Han viser til at det finst andre grupper som driv islamkritikk, utan dei ekstreme sidene som NDL har, der det går an å engasjere seg.

—  Og dersom dei vil ha ein annan innvandringspolitikk, kan dei engasjere seg i politiske parti. Mitt råd er å kome seg ut av NDL. Det er ein skikkeleg ubehageleg organisasjon, seier Strømmen.

Adrian Andersen (25), som var av initiativtakarane til møtet i Bergen laurdag, kjenner seg ikkje att i det Strømmen seier.

- Islam er ingen religion

—  Valdsromantikk og rasisme blir slått knallhardt ned på hos oss. Episodane han viser til i England er ukjende for meg. Når det gjeld islam, ser eg det ikkje som ein religion. Eg ser på islam som ein ideologi, seier Andersen.

Han seier dei var rundt ti personar som møttest på utestaden Kong Oscar, og at dei vil prøve å få til eit nytt møte over nyttår.

Lars Erik Berntzen leverte tidlegare i år ei masteroppgåve i sosiologi ved Universitetet i Bergen om politisk motstand mot islam, muslimsk kultur og innvandring her i landet. Han meiner NDL førebels er svært små.

—  NDL er ei nokså lita og marginal gruppe, og fekk også ein vanskeleg fødsel her i Noreg, seier Berntzen. NDL fekk for alvor merksemd då dei annonserte ein demonstrasjon på Akershus 9. april i år. Markeringa vart ein fiasko; berre ei handfull sympatisørar møtte fram.

Innblanda i vald

—  NDL har hatt innslag av høgreekstreme som tek avstand frå demokratiet og som meiner valdsbruk er legitimt. I alle fall har fleire i organisasjonen sjølve hevda at dei har vorte infiltrert av nynazistar. Dette har vi sett lite av i andre islamkritiske organisasjonar, seier Berntzen.

Også han peikar på at einskilde English Defence League-medlemmer har vore involvert i valdsbruk, sjølv om organisasjonen legg vekt på ikkjevald og toleranse for alle etniske grupper.

Kan vekse

Berntzen meiner det er umogleg å vite kor store NDL kan bli.

— Dersom vi ser på haldningane i folket, har dei eit vekstpotensial, seier Berntzen. Han viser til det statlege integreringsbarometeret, som for 2010 viste at halvparten av folket ikkje ønskjer seg fleire innvandrarar. Omtrent like mange sa seg skeptiske til muslimar og til islamske verdiar.

Er det grunn til å åtvara mot NDL? Si di meining.

FAKSIMILE: I BT i går fortalde ungdomar i Bergen om kvifor dei er blitt med i NDL.