Sjur var berre 11 år gammel då han slutta på skulen. Frå då av fekk han heimeundervisning av foreldrene som dreiv leirskole på Dyrkolbotn i Lindås.

Da Sjur var 13 år gammal, overtok han garden Botnane. Våren 2004 begynte han på Universitetet, knapt 17 år gammal. På knappe to år har han skaffa seg studiepoeng tilsvarande 9,5 års fulltidsstudiar.

Han har ikkje berre teke juridisk embetseksamen, men også studert ei rekkje andre fag som matematikk, historie, fysikk, informatikk, statistikk, lingvistikk, datalingvistikk og filosofi.

Den nyutdanna juristen vil ikkje vera med på at han er heilt spesielt glup. Hans prestasjonar har først og fremst med skulegongen hans å gjera, meiner han, det at han hadde heimeundervisning i viktige grunnskuleår.

Faren, Otto Dyrkolbotn forklarer: – All undervisninga Sjur fekk frå han var tolv år, tok utgangspunkt i lokale problemstillingar, i saker og hendingar i vårt eige distrikt. Han lærte å skaffa seg kunnskap og å formidla kunnskap. Han skreiv ei rekkje artiklar og debattinnlegg som viste seg å vera god trening for dei universitetsstudiane han no har bak seg. Hans prestasjonar handlar ikkje om genar. Tusenvis av andre unge kunne ha gjort det same om nokon berre gav dei nøkkelen til ein annan måte å læra på, seier Otto.

Les meir om Sjur Dyrkolbotn i Bergens Tidende søndag.

SUPERSTUDENT: På to år har Sjur Dyrkolbotn (18) teke juridisk embetseksamen og i alt samla seg studiepoeng tilsvarande 9,5 års fulltidsstudium
Amundsen, Paul S.