Hærverket som skjedde i barnehagen på Husnes sist veke hadde slikt omfang at politiet sette store ressursar inn for å finne syndarane.

Dei kom raskt på sporet av unggutane, fordi nokre av dei tidlegare har vore med på tilsvarande skadeverk. Blant anna var det måla hakekors og nazisymbol på ytterveggene.

Torsdag og fredag vart gutane, som er i 13-16-årsalderen, tekne inn til avhøyr. Dei tilsto i tur og orden.

— Nokre har gjort skadeverk, andre har berre vore til stades, fortel politioverbetjent Sigurd Børve ved Kvinnherad lensmannskontor til BT.

Han roser foreldra til mange av borna fordi dei aktivt medverka til at saka vart oppklart.

— Det er ikkje kjekt å oppleve at borna dine har vore med på noko slik. I dette tilfellet har likevel fleire av foreldra teke ansvar, seier Børve.

I barnehagen skapte hærverket fortviling hos borna og sinne hos dei som jobbar der. Ikkje rart, det dreier seg truleg om skadeverk for fleire titusenar. Verst var det nok at fleire av hønene vart drepne eller skadde.

— Det skakar sjølvsagt opp borna. No reknar vi saka som oppklart. Fleire av dei som var med på ugjerninga har nok også skjønt alvoret, trur Børve.

Eldstemann, som har fleire saker på seg blant anna for skadeverk, vert av politiet peika ut som hovudmann.

Politiet kjem framover til å halde ungdomsmiljøet under oppsikt for å hindre at det blir etablert eit miljø rundt denne guten.

— Dei som er under 15 år vil få sakene sine avgjort i konfliktrådet. Eldstemann må vente seg eit oppgjer med påtalemakta, seier Børve.