— Det er sjølvsagt tungt for dei som må ut døra. Dei har tre val: Flytta til institusjon i Haugesund, i fosterheim eller heim igjen, fortel leiar Pål Johansen ved Knutsatunet ungdomsheim.

Ungdomsheimen er den einaste av sitt slag i Sunnhordland, og Johansen er lei seg for at det unike tilbodet forsvinn allereie frå hausten av. Ifølgje han blir det no stor avstand mellom ungdommane og familie, vener og skule.

Støttefunksjon

Endringane skuldast Bufetat region vest sitt vedtak om å styrkja og omstilla tiltaksapparatet i barnevernstenestene. Det er i tråd med politiske målsetnader. I staden for å vera eit bu- og omsorgstilbod, vert Knutsatunet sortert inn under fosterheimstenesta i Fonna.

— Totalt finst det over 300 fosterheimar i dette området. Me skal vera ein støttefunksjon og tilby avlasting, rettleiing og miljøterapeutiske tiltak for å hindra at fosterheimane sprikk. Til ei kvar tid kan det bu 2-3 ungdommar her for ein kortare periode, seier Johansen.

Han fortel at målet med reforma er betre ressursbruk.

— Reforma legg opp til ei prioritering av dei tyngre tilfella. Det er flott. Ulempa er at ungdom med lettare behov - som me har teke oss av - fell mellom to stolar, seier Johansen.

Avdelingsdirektør Endre Blindheim i Bufetat region vest seier til Haugesunds Avis at dei i ein del tilfelle vil gje meir støtte til fosterbarn eller heimebuande i staden for å plassera dei på institusjon.

Dialog med familiane

Sunnhordland Interkommunale Barnevern har eit tett samarbeid med Knutsatunet. Leiar Trine Hjertholm fortel at dei no må leggja andre planar for ungdomane.

— Me vil gå i dialog med familiane, ungdomane og Bufetat med tanke på nye omsorgsbasar for dei som vert råka av dette. Heldigvis har me litt tid på oss, seier ho.

Seksjonsleiar Eivind Grasdal ved barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk ved Stord sjukehus innrømmer at omstruktureringa av Knutsatunet ikkje er noko ønskjesituasjon.

— Samstundes har eg tiltru til prosessen. Eg trur ikkje ein så seriøs, statleg instans som Bufetat let nokon verta skadelidande oppi dette, seier Grasdal.

Knutsatunet mistar fem årsverk, stillingsheimlane ved Knutsatunet vert reduserte frå 15 til 10.

— Folk står diverre i fare for å verta flytta rundt i systemet. Dei vil få tilbod om andre stillingar ved institusjonar i Bufetat i Haugesund. Det skaper uro og bekymring blant dei tilsette. Knutsatunet har i snart 20 år vore ein trygg arbeidsplass, utan verken omveltingar eller skandalar, fortel Pål Johansen.

MELLOM TO STOLAR: Reforma legg opp til ei prioritering av dei tyngre tilfella. Det er flott. Ulempa er at ungdom med lettare behov - som me har teke oss av - fell mellom to stolar, seier styrar Pål Johansen ved Knutsatunet.