Når vêr og terreng stoppar helikopter og køyrety, må sveittelukt overta for eksoslukta. Hjelpekorpsa må trena.

— Utan dei frivillige stoppar norsk landredningsteneste opp, seier redningsleiar Nils-Ole Sunde ved Hovudredningssentralen.

Der sit den øvste leiinga av store redningsaksjonar.

  • Vi kan leia og koordinera til krampa tek oss, men ute i vinterfjellet er det ingen andre enn dei frivillige i hjelpekorpsa til å gjera jobben, seier Sunde.

Denne veka følgt årets Finsekurs det 53. i rekkja.

Alarmen går

«Åtte personar er sakna på veg opp frå Kjeldebu. Dei vart sist sett i går kl. 15.30. Dei skulle ha tatt nattoget til Oslo, men kom ikkje til stasjonen».

Den alarmerande meldinga er ikkje til å ta feil av. Første øvinga er i gang.

Snart syd det av aktivitet i «ko», kontoret eller samordningsstasjonen som blir oppretta. Kursdeltakarane er delt inn i fem lag Eitt bemannar «ko». For dei fire andre er det utrykking

  • Dette er deltakarane på A-kurset. Det den høgste utdanninga vi har i Hjelpekorpsa. Kurset går over to helgar og vekedagane mellom. B-kurset, på nivået under, er med dei fem siste dagane, fortel Arild Himle.

Vossingen er kursleiar også i år. Jobben har han «arva» etter faren.

Indrefilet

  • Finsekursa er indrefileten av det vi kan gje av opplæring til våre operative leiarar. Finse kan gje oss fire årstider på ei veke. Deltakarane blir sett på tøffe prøver, må takla komplekse operasjonar, og gjer sine eigne erfaringar, seier Jahn Petter Berentsen, laksevågguten, busett på Sotra, som er landsrådsleiar for Røde Kors Hjelpekorps.

«Tre av dei sakna er funne i Kjeldebu. Dei snudde i tide. Fem er framleis sakna».

Ny aktivitet i «ko». Nye meldingar, nye ordrar.

Innimellom kimar det i ein gammaldags sveivetelefon. I andre enden spelar ein instruktør mange roller. Han er leverandør av tips, nokre pålitelege, andre meir tvilsame. Eller han kan vera innpåsliten som journalist på jakt etter eit poeng som andre media ikkje har.

Stressfaktor

  • Eg trur det blir stotra meir når «mediefolk» er på tråden, enn om statsministeren skulle ha ringt. Men det gjeld å ha rett fokus heile tida, seier Arild Himle.

Eit forsøk på å snakka spansk, fall ikkje heilt heldig ut. Kursdeltakaren ved telefonen var tilfeldigvis språkmektig, ikkje minst i spansk.

  • Då vart det brått dårleg telefonline, gliser Himle.
  • Vart det lykkeleg slutt på leiteaksjonen?
  • Sjølvsagt. Vi har bruk for dei fem markørane til fleire øvingar.

Mørket senkar seg over Norges Tak, og det er tid for nattorientering.

Lagførarar

Utpå onsdagen sluttar 26 deltakarar på B-kurset seg til, flest frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei skal kvalifisera seg som lagførarar i sine lokale hjelpekorps, og spanderer vinterferien på førebuing til påskeutfarten.

Då skal ei rekke hjelpekorpsstasjonar vera operative over heile Vestlandet. Kvamskogen har beredskap også i vinterferien. I mange korps har ikkje mange nok vinterferie samstundes lenger, og dei prioriterer påsken.

Når alarmen går på Finsekursa, blir dei mannskap for deltakarane på A-kurset, dei som skal læra å leia store aksjonar på vinterføre.

Snøholer

«To personar er sakna. Dei skulle gå på ski frå Hallingskeid til Finse, men kom ikkje fram til avtalt tid.»

Så er det på'an igjen. Sveivetelefonen kimar. Alt ligg til rette for kaos. Men arbeidsoppgåvene blir fordelt, ro og orden blir raskt etablert. Kvelden sig på.

«Ingen funn. Vi må overnatta ute». Meldinga er registrert i «ko» og mannskapa set i gang med å grava snøholer.

  • Vi kan aldri få fullrost dei frivillige, seier redningsleiar Sunde.

Alle redningsleiarane har Finsekurset.

  • Dette prioriterer vi høgt. Vi må vita kva vi gjer når vi sender folk ut i vinterfjellet. Dei som har vore her, veit at det kan ta to timar å flytta seg nokre hundre meter i snøstormen, seier Sunde, og tilrår kurset også for operasjonsleiarar i politiet, til dømes i Bergen.

Også denne aksjonen får ein lykkeleg utgang. Arild Himle har framleis bruk for markørar.

Skredet

«Sju personar er sakna i Finseområdet. Dei skulle overnatta i Sandådalen eller Larsdalen, men er ikkje komne attende som avtalt»

Beskjedar går ut til mannskapa, og meldingar kjem inn. To er illevarslande:

«Eit snøskred er observert» og «det er folk i skredet».

Den store øvinga er i gang. Alle ressursar som samfunnet vårt rår over, er tilgjengelege. Tre helikopter kjem til. Eit Sea King frå redningstenesta, politihelikopteret, og eit frå Airlift. Eit av dei har med ekvipasjar frå Norske Redningshunder.

  • Vart scenariet laga slik på grunn av skredulykkene i vinter?
  • Vi dreg gjerne inn aktuelle hendingar i kursopplegget, men snøskred har alltid vore eit element i Finsekursa, heilt sidan det første i 1959. Målet står fast: vi skal læra å leia store aksjonar. seier Arild Himle.

I denne øvinga «overlevde» ikkje alle dei sju sakna. Men så hadde ikkje Himle bruk for markørar lenger. Ikkje før neste år.

Hjelpekorpsmedlemer legg ned tid og innsats. Økonomisk hjelper også arbeidsgjevarane deira til. Men det blir stadig vanskelegare å få fri frå jobben.

  • Små firma kan ikkje avsjå folk utan at det svir. Det er eit trekk i tida at også større firma har knapp bemanning, seier landsrådsleiar Jahn Petter Berentsen i Norges Røde Kors Hjelpekorps.

Han rår over rundt 6.000 operative korpsmedlemer over heile landet. Operativ vil seia at dei er klare for aksjon, utstyrt med godkjent ID-kort, som vert fornya kvart tredje år. Det utfører ca. 1000 oppdrag årleg. Samla medlemstal er om lag 12.000.

— Mykje av tida bruker dei til å samla inn pengar til, mest til innkjøp av utstyr som Staten burde gjort avgiftsfrie for lenge sidan, seier Berentsen.