EYSTEIN RØSSUM

Politiet skal ikkje ha lagt fram nye bevis i samband med fengslingsmøtet i dag.

— Det gjenstår ikkje mykje taktisk etterforsking. Vi meiner vi har ei god sak mot den sikta, seier politioverbetjent Tove Lian Mathiesen.

Fann blod frå offeret

39-åringen er sikta for overlagt drap. Han har hittil nekta å forklare seg for politiet, og har i fengslingsmøta sagt at han ikkje hugsar noko frå drapsdagen 4. mars. Han nektar for all skuld.

— Vi ønskjer heilt klart å høyre hans versjon. Men vi meiner likevel av vi har gode bevis mot mannen, seier Lian Mathisen.

Det vart blant anna funne blod frå Rønnestad på framskjermen til bilen som eksmannen køyrde då han vart tatt i Aurland drapsdagen. Han hadde også ein parkeringsbillett frå City Park i lomma, stempla berre få minutt før skota fall i parkeringshuset. Vitne såg ein bil lik den mannen har, køyrande i høg fart ut av parkeringshuset rett etter at det small.

Drapsvåpenet skal ennå ikkje vere funne.

Ventar på analysar

Politiet ventar framleis på resultatet av ein del tekniske undersøkingar, blant anna av kulene som vart brukt. Det gjenstår også nokre få vitneavhøyr.

Marineoffiseren skal dessutan vurderast av rettspsykiatrar, med tanke på om han er strafferettsleg tilrekneleg. Dei sakkunnige har frist til byrjinga av juni med å levere sin rapport.

— Vi håpar at saka kan kome opp for retten i løpet av hausten, seier Lian Mathiesen.

I tillegg til drapsetterforskinga, blir mannen også etterforska av Politiets Sikkerhetstjeneste (PST). I huset hans vart det funne bunkevis med graderte dokument frå Forsvaret.