Ytre Sogn tingrett har funne mannen skuldig i å ha forfalska brev og ha mottatt nær 15.000 kroner på fem søknader om sosialstøtte.

Grunnlaget oppgav han å vere samvær med barna sine ni gonger i 2002 og 2003. I realiteten hadde han kun samvær med barna ein gong i perioden.

Forfalska brev

Det forfalska brevet utga han for å vere skrive av barnemora, som dokumentasjon på påstått foreldresamvær. I realiteten hadde paret ingen avtale om samvær, og mora sa i retten at ho ikkje vil late 33-åringen vere aleine med barna.

I tillegg er mannen dømt for å ha kjøpt 188 gram hasj under ein tur til Bergen. Saman med ein annan vart dei stoppa like etter å ha kjørt av ferja i Lavik ein sein laurdagskveld i april 2002. Politiet fann hasjen skjult i batterikassa på lastebilen dei nytta.

Falsk identitet

I tillegg er mannen dømt for å ha fått utlevert varer på grunnlag av falsk identitet. Blant anna fekk han utlevert varer for over sju tusen kroner frå Coop i Høyanger etter å sjølv ha gjeve fullmakt i rolla som sosialsjef. Som angiveleg representant for kommunen fekk han vidare eit firma til å levere seg 65 sekker ved på kommunens rekning, og dekk for over sju tusen kroner på eit utanforståande firma sin kostnad.

33-åringen er straffedømt fem gonger tidlegare, og retten meiner han på utspekulert vis har forleda folk til å utlevere seg verdiar.

Seks av dei åtte månadene er betinga fengselsstraff, og mannen må i tillegg erstatte varene han svindla til seg.