— Det har vore ein skremmande dårleg start på året, seier tilsynsleiar Kåre Askvik i Arbeidstilsynet Vestlandet.

Åtte dødsfall i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane så langt i år er berre tre færre enn regionen hadde for heile 2007. Og i fjor toppa Vestlandet den nasjonale statistikken med 11 av i alt 39 dødsulukker.

— Vil Arbeidstilsynet ta nye grep på bakgrunn av denne utviklinga?

— Vi jobbar vidare med dei planane vi alt har lagt, her er det arbeidsgivarane som sit med hovudansvaret, seier Askvik.

Utlendingar som nordmenn

Den store auken i arbeidsinnvandringa dei siste par åra har ikkje gitt seg utslag i at utlendingar er overrepresenterte på statistikken over skader og dødsfall i arbeidslivet.

— Vi har ikkje grunnlag for å hevda at utanlandske arbeidstakarar er meir utsette for ulukker enn dei norske, seier tilsynsleiar Kåre Askvik.

Det same seier jurist Bjørn Kvello i Direktoratet for arbeidstilsynet. Han legg til at det kan vera ein del underrapportering, ved at nokre reiser tilbake til heimlandet utan å rapportera skade.

Av dei 39 omkomne i 2007, var fire utlendingar, men ingen frå Aust-Europa. Arbeidsgivar har plikt til å melda arbeidsulukker og yrkesskadar til styresmaktene, legane skal rapportera yrkessjukdommar.

Polsk HMS-jobb på Stord

Vernearbeidet ved Aker Solutions Stord er spesialinnretta mot det store innslaget av utanlandsk arbeidskraft. Verftet har nær 2000 gjestearbeidarar, i hovudsak frå Polen, Russland og Litauen.

— All varselskilting og HMS-informasjon hos oss er på både norsk, engelsk, russisk og polsk. Vi har sett inn to erfarne verneombod som går skift og som har knytt til seg to polske HMS-rådgjevarar, seier hovudverneombod ved Aker Solutions Stord, Knut Ove Handeland.