Tine-debatten har gjort usikre tider endå meir usikre for Vestlandslandbruket. Tida er inne for store investeringar i nye driftsbygningar, og mange bønder tel på knappane. Skal dei satsa no, eller selja mjølkekvoten i august?

Nye krav til fjøsa blir innført steg for steg i åra som kjem. Innan 2024 skal alle ha fjøs der kyrne kan spankulera fritt omkring.

Tine motiverer

Tine Meieriet Vest har nytta vinterferieveka til ein serie motiveringsmøte over heile Hordaland. Interessa har vore stor. Aller størst var frammøte på Voss, kommunen som har ein firedel av mjølkeprodusentane i Hordaland.

«Vi satsar på mjølk» er overskrifta for møteserien, der Rune Lavik i Tine Meieriet Vest har fått med seg planleggarar frå Fylkesmannen si landbruksavdeling når temaet er bygningar for storfe.

Meir fritid

— Små mjølkekvotar, små bruk, svak økonomi og lite fritid har ført til at mange av mjølkebruka i Hordaland ikkje har fornya driftsapparatet sitt. Dei slit med forelda driftsbygningar, seier planleggar Erik Neerland til Bergens Tidende.

Lavik innser at mange bruk står ved eit vegskilje, eit val mellom framleis drift eller nedlegging. Fleire brukarar har selt mjølkekvoten sin, og andre vurderer å gjera det. Men Lavik gir ikkje opp håpet.

— Vi prøver å hjelpa fram aktuelle utbyggingsprosjekt og stimulera til framtidsretta arbeidsformer som gjev bonden normal arbeidstid, godt sosialt liv og ei akseptabel timeløn, seier han.

Freestylehoppar tar sats

Mellom dei som alt har bestemt seg for å satsa, er skiakrobaten Hilde Synnøve Lid på Palmafossen. Bronsevinnaren i fristil hopp under OL på Lillehammer satsar friskt saman med fire naboar, og reiser eit nytt fellesfjøs med plass til nærare 80 kyr, frittgåande. To av bøndene som leigar bort jorda si til golfbane på Nedkvitne er også med på prosjektet. Dei går inn med mjølkekvotane sine. På den måten blir dei medinvestorar i sambruket på Lid i staden for å selja kvotane.

Fleire av dei tidlegare fellesbruka i Vossedistriktet er no oppløyste, men har i mange år fungert slik det var tenkt.

— Det er viktig at vi ikkje misser grepet om mjølkeproduksjonen no, seier leiaren i Hordaland Bondelag, Nils T. Bjørke.

— Utan mjølkeproduksjon er Vestlandslandbruket ferdig. Mjølka ligg i botnen for heile næringa i vår landsdel, seier han til Bergens Tidende.