Når etterkommarar og vener i morgon samlar seg for å feire 75 års ekteskapsdag på Kyrkjebø i Høyanger, blir det eit sjeldan lag. For atombryllaupsdag får berre dei færraste oppleve.

— I dag skil no dei fleste seg, er Johans kommentar til det.

Marie, som siste ti åra har utvikla Alzheimer, var inne på noko av det same då ho ein gong sa dette om ekteskapet:

— Du kan no ønskje han dit peparen gror mange gonger, men eg skil meg no ikkje for det.

Ja frå kongen

Då bryllaupet stod på Høyanger bedehus 16. desember 1932, var det spesielle omstende. Marie var berre 17 år. For å få lov til å gifte seg så ung i dei dagar, måtte det søkjast til kongen. Marie fekk ja. Fire månader etter bryllaupet kom den førstefødde, dottera Milda. I 1936 fekk dei sonen Arne. Milda bur i dag i Skogn i Trøndelag, Arne i Årdal.

75 år seinare bur dei to framleis i lag. Marie og Johan har to rom vegg i vegg på sjukeheimen på Kyrkjebø. Det eine brukar dei til stove, det andre til soverom.

I følgje pleiarane på sjukeheimen syng Johan framleis små kjærleiksstev til kona.

— Du må ha likt deg godt i lag med henne?

— Ja, ho var veldig flink. Med handarbeid og alt anna. Og veldig sprek.

— Til å vere 97 er du no bra sprek sjølv òg?

— Sprek og sprek. Eg kan no ikkje gå utan stav lenger.

— Hugsar du første gongen du møtte Marie?

— Ja, seier Johan. Og så ler han både hjarteleg og lenge. Det er tydeleg at han hugsar det veldig godt, men meir om den historia er det ikkje råd å få ut av han. Men familien veit korleis det bar til.

Vakker ungjente

— Farmor var innflyttar frå Hafslo. Ho kom til Høyanger då ho var 14. Familien hennar hadde nokre grisar. Første gongen farfar såg henne, sleit ho med nokre tunge grisebøtter, altså fôr til dyra. Farfar tykte synd på den vakre ungjenta som streva slik, og bar bøttene for henne, fortel barnebarnet Lidvar Berge.

Johan har eit langt yrkesliv bak seg på aluminiumverket i Høyanger. Marie var heimeverande husmor. Det er berre tre år sidan dei kom på sjukeheim.

— Siste åra heime hadde vi folk til å hjelpe oss. Og så har son vår og kona hans hjelpt oss på mange måtar. Så det gjekk bra, seier Johan.

Det var då tilstanden til Marie forverra seg at dei måtte flytte heimanfrå. Johan var framleis så frisk at han eigentleg ikkje hadde rett på sjukeheimsplass. Men då sette han foten ned. Det gjekk då ikkje an at dei skulle bu kvar for seg. Og Høyanger kommune tok meldinga.

— Vi var veldig glade for at kommunen la til rette slik at dei kunne halde fram med å bu i lag. Det var viktig for farfar, fortel barnebarnet Lidvar.

Det meste ein mann kan tole

Dei to viser ein veldig godhug for kvarandre, men bak seg har dei også eit liv med tunge stunder.

— Eg har opplevd det meste ein mann kan tole, seier Johan.

På stoveveggen heng tre fotografi - av Johans foreldre, av Johan og storebroren og det siste av dei tre yngste syskena. Dei miste alle livet i ein rastragedie på farsgarden i grenda Berge på Kyrkjebø vinteren 1928.

Johans foreldre var i Høyanger denne dagen. Dei fem syskena var åleine heime då snøraset kom og tok heile garden. Dei tre yngste syskena omkom. Johan, den gongen 18 år, og den eitt år eldre broren var begge så nedkjølte at dei blei lagt i likklede dei då blei funne. Men ei sjukesyster greidde å få liv i dei att.

Skredet skal ha vore det einaste som nokon gong har gått på staden. Etter at raset hadde rasert garden, tok foreldra dei to attlevande sønene med seg og flytta til Høyanger.

— Det er ikkje tvil om at raset har vore eit sårt minne for farfar. Det har prega han heile livet, seier Lidvar.

Under krigen blei familien ramma av ei ny tragedie. Far til Johan blei funnen drukna i Høyangsfjorden.

Samlar slekta

Johan høyrer tungt, og har dimmast på synet. Men med stokk og litt hjelp frå pleiarane går han framleis. Marie må bruke rullestol.

I dag samlar alle som kan av to barn, seks barnebarn og ti oldebarn seg til feiring av atombryllaupsdagen på sjukeheimen. Også anna slekt og vener av paret er inviterte til kaker og kaffi.

— Gler du deg til dagen, Johan?

— Eg er no redd for at det kan bli for mykje kav for dei som skal ha med det å gjere.

Det lir på føremiddagen. Marie tek til å gleppe med augo og slit med å halde seg vaken. Sjølv om ho har hatt Alzheimer i mange år, er ho kvikk i replikken.

— Tenk at du snart har vore gift i 75 år, Marie, seier ein av pleiarane.

— Ja, og enno har eg ikkje vore sint, svarar ho.

oddleiv apneseth