Utlendingsdirektoratet (UDI) arbeider konkret mot tre kommunar for å få plassert dei fem søskena frå Somalia hos ein fosterheimsfamilie.

— Det er sjølvsagt ein kjempejobb å ta mot fem så små ungar frå ein heilt annan kultur enn den norske. Men vi har fått tilbakemelding på at det kan late seg gjere. Vi arbeider parallelt mot tre kommunar, og håpar vi har ei relativt snarleg avklaring, seier direktør Atle Berge ved UDI region vest i Bergen.

Foreldra i Saudi-Arabia

Bergens Tidende fortalde søndag historia om søskena Ibrahim (5), Sabrini (6), Amal (7), Rama (8) og Mohammed (9) som kom til Norge for snart to år sidan. Dei to kom saman med ein eldre onkel, medan mor og far er i Saudi-Arabia. Første året budde søskenflokken i eit vanleg asylmottak for vaksne på Austlandet. Men i mars i fjor kom dei til Solbakken i Florø, einaste asylmottaket i landet som er spesielt tilrettelagt for mindreårige.

Dei fem borna har fått permanent opphaldsløyve på humanitært grunnlag, men styremaktene har avslått ein søknad om familiegjenforening. Det negative svaret på søknaden om at foreldra skal få komme til Norge er anka, og ligg til handsaming i Utlendingsnemda.

Dersom avgjerda blir ståande, kjem søskenflokken til å vekse opp i Norge, medan mor og far blir buande i Saudi-Arabia. Dei to siste åra har søskena berre snakka med foreldra på telefon.

På Vestlandet

— Vi har satsa mykje på å få til ei løysing der dei fem søskena ikkje blir skilde i ulike fosterheimar. Før jul hadde vi nesten ei løysing, men kommunen fann at det samla tilbodet då ikkje var i orden. Men vi arbeider vidare både mot denne kommunen og to andre kommunar.

Til Bergens Tidende seier Berge at den eine kommunen ligg i Sogn og Fjordane, dei to andre i Hordaland.

— Spørsmålet er ikkje berre om vi finn ein eigna fosterheim for ein så stor søskenflokk. Vi må også vurdere kva barneverntenester mottakskommunen har. Vi veit at barnevernet i mange kommunar slit med ressursane. Og det er trass alt ikkje eit så reint lite kommunalt apparat som må til for å ta mot ein slik barneflokk, seier regiondirektør Atle Berge.

Fleire mindreårige

Dei siste månadene i fjor viste kraftig vekst i talet på einslege, mindreårige asylsøkjarar som kom til Norge. Ved utgangen av november var det registrert 291 asylsøkjarar under 18 år heilt utan vaksne slektningar. Dei fordeler seg på 11 i aldersgruppa 6 til 13 år, 27 i alderen 13-15, 119 frå 15-17 og 134 17- og 18-åringar. 80 prosent av desse er gutar.

— Vi veit frå før at talet på einslege mindreårige som kjem til landet kan svinge veldig. Då spesialmottaket på Solbakken blei oppretta for eitt år sidan, var vi inne i ein periode med få mindreårige. No er mottaket fullt, seier Berge, som ikkje utelukkar at det kan bli aktuelt å opprette liknande spesialmottak andre stader i landet.

Avdelinga i Florø har 20 plassar, og blir primært brukt for ungar under 15 år. Dei 271 andre under 18 år bur i vaksenmottak med avdelingar for einslege mindreårige.

Auken i tilstrøyminga av einslege mindreårige fører også til ekstra press på å skaffe fosterheimar, noko kommunane frå før slit svært tungt med, også overfor norske ungar.