— Vi fekk melding om at mannen hadde truga ein annan asylsøkjar med noko som såg ut som ein revolver. Vi tok meldinga på alvor, og rykte ut med eit lag væpna politifolk, seier stasjonssjef Nils Erik Eggen hos politiet i Florø.

Mannen, som er først i 20-åra, vart pågripen på rommet sitt på asylmottaket.

— Han hadde eit leikevåpen, til forveksling likt ein mindre revolver. Det var lett å forstå at dei som var truga vart skremt, seier Eggen.

Ifølgje stasjonssjefen skjedde pågripinga utan større dramatikk like før kl. 22.30.

— Mannen vart avhøyrt natt til onsdag, og vil bli framstilt for fengsling, seier Eggen.

Dagen før skal mannen ha truga ein annan asylsøkjar med kniv.

— Motivet for trugsmåla er førebels noko uklart, seier Eggen.