— I Guinea er eg i livsfare, seier den lågmælte afrikanaren. Han smiler nesten heile tida. Men det er eit forpint smil.

For Cheik Camara kan dokumentere at han har vore fengsla og torturert i heimlandet, og at han vil bli forfølgd dersom han blir sendt tilbake. Ein advokat i landet har klart å framskaffe arrestordren på Cheick, og Camara kan også dokumentere at han har vore fengsla og torturert.

Men norske styresmakter meiner at 38-åringen ikkje snakkar sant, og har avslått søknaden om opphald.

Støttegruppe

I mellomtida har dagane - og åra - gått for Cheik i Florø, dei fire siste som tilsett ved verkstaden Florø Bil & Hamneservice. Her er han forlengst akseptert som ein flink og samvitsfull arbeidstakar, og har snart nok praksistid til å ta norsk fagbrev som mekanikar.

— Arbeidet her er veldig viktig for meg. Det gir meg noko å halde på med, det held meg oppe, seier han. - Eg vil veldig gjerne ta fagbrevet, men veit jo ikkje kva som vil skje.

Ei eiga støttegruppe med utspring i Flora Arbeidarparti har slått ring om Cheick Camara, og har lenge prøvd å få ei positiv avklaring i saka.

— Vi opplever det slik at denne typen saker har låg prioritet i Utlendingsnemda. Men det er forferdeleg at dei berre blir liggande, for det handlar jo om menneske, seier leiar for støttegruppa Aslak Svardal.

Bergens Tidende omtalte Cheick Camaras sak hausten 2001. Situasjonen er fortsatt like uavklara for afrikanaren. Nettopp dette er det vanskelegaste å takle.

Varige skader

Cheick Camara har varige skader etter behandlinga han vart utsett for i fengsel i Guinea, i den ustabile situasjonen i tida etter president Sekou Tourés død i 1984. Faren vart henretta 7. juli 1985, og Cheick sat fengsla i over to år etter dette. Den tidlegare mekanikaren i det guineanske forsvaret greidde å flykte via Malta og Russland til Norge. Han reiste mellom anna frå ein gravid kjærast, og har aldri sett dottera som fyller seks år i mai.

Det aller meste av historia hans kan dokumenterast, blant anna med arrestordren og erklæringar frå ein velsedd advokat i Guinea. Her heiter det mellom anna at Cheick vil bli stilt for ein statleg tryggleiksdomstol dersom han vender tilbake, og at han risikerer dødsstraff.

Men departementet har grunngjeve avslaget med at dokumentasjonen ikkje er god nok.

— Vi kjenner Cheick godt no etterkvart. Han er ikkje typen som fer med tull og tøys. Han har dokumentert at han er i fare dersom han må reise tilbake, og er sjølv eit levande bevis på kva han har vore utsett for, seier Aslak Svardal.

Ikkje prioritet

For Cheik har vondt for å gå etter at han vart utsett for stokkeslag under fotblada i fengslingstida. Særleg i norsk vinterkulde. Da må han bruke sykkel for å ta seg fram, omtrent uansett føre.

Men det verste er uvissa, og tankane på framtida.

I utlendingsnemda er Cheicks sak ei blant meir enn 5.000 som ligg ubehandla. Medan dei fleste av desse blir handtert innanfor målfristen på seks månader, har Cheick si klagesak venta heilt sidan første dag nemda vart oppretta ved årssiftet 2000/2001.

— Vi arbeider med å få ned talet på saker som har ligge så lenge, seier direktør Terje Skjeggestad i Utlendingsnemda. - Utan at eg kan seie det nøyaktig dreier det seg om eit par titals saker. Men desse såkalte omgjeringssakene har ikkje høgste prioritet hjå oss. Dei har fått avslag, og pliktar eigentleg å reise ut av landet.

IKKJE SVAR: 38 år gamle Cheik Camara kom til Norge for meir enn sju år sidan. Han arbeider fulltid på bilverkstad og er busett i eige husvære i Florø. Utlendingsnemda har enno ikkje klart å behandle saka hans, som dei fekk på bordet då nemda vart oppretta for å ta seg av klagsaker frå UDI.<br/>FOTO: ODDLEIV APNESETH