Eit samrøystes formannskap rådde i går frå at det blir asylmottak i Jølster. Men UDI har stort behov for dei 130 plassane i kommunen.

Ifølgje avisa Firda skal det difor mykje til før plana-ne om eit asylmottak med base på Jølster Hotell på Vassenden blir lagt vekk.

– Håpet var at vi i denne runden skulle etablere 400 nye mottaksplas-sar. No sit vi tilbake med dei 130 på Jølster som dei einaste vi har, forklarar direktør for region Vest, Atle Berge.

Selskapet Norsk Mottaksdrift har inngått ein treårig leigeavtale med ei-garane av Jølster Hotell, Bjørg Maria, Lisbeth og Ottar Øygard.

UDI-direktør Atle Berge seier han trur på ei avklaring i forhandlingane med Norsk Mottaksdrift mot slutten av veka.