— Dersom bygginga av eit besøkssenter på Astruptunet fører til store inngrep på nabobruket, er det svært problematisk. Å leggje eit modernistisk bygg som næraste nabo til kunstnarens heim, er etter mitt syn heller ikkje så lurt, seier astrupkjennaren.

Øystein Loge (biletet) har skrive fleire bøker om Nikolai Astrup, og budde til og med for nokre år sidan ein kortare periode i Astruptunet.

— Astrups kunst er så uvanleg sterkt knytt til naturen og staden. Bygget som er teikna i vinnarutkastet fører til ei urbanisering av plassen. Dermed blir Astrup plassert i eit heilt anna miljø.

Med store bokstavar

Debatten rasar etter at Jølster kommune presenterte vinnarutkastet til eit nytt galleri og besøkssenter på Astruptunet i Jølster. Bygget som kommunen håpar skal bli eit fyrtårn i reiselivssamanheng, er plassert på naboeigedomen vest om Astruptunet. Bustadhuset på nabobruket må rivast for å gje plass til nybygget.

I lesarinnlegg som stod på trykk i Bergens Tidende og Firda sist veke, gjekk eldste attlevande son til kunstnaren ut mot det han karakteriserer som ei vandalisering av tunet. Peder Conrad Alger Astrup fekk «sjokk» då han fekk vite at nabotunet, «som min far regnet som sitt andre hjem, nå skal jevnes med jorden for å gi plass til dette nye fremmedelementet noen meter fra Astruptunet». Han er så fortørna over planane at han vil ta barndomsheimen i Sandalsstrand frå Jølster kommune.

Anna plassering

Også i Jølster blir ordskiftet ført med store bokstavar. Sterke krefter vil plassere senteret meir sentralt. Dei trur det vil vere uråd å få turistbussar til å køyre den smale og dårlege vegen på sørsida av vatnet, og vil difor anten leggje eit Astrupbygg ved E39 på Ålhus, der kunstnaren vaks opp og der Eikaasgalleriet alt ligg - eller ved Kjøsnes på riksveg 5 mot Sogndal.

Ordførar Gerd Dvergsdal og leiar for Astrupkomiteen, Atle Hamar, har så langt fronta eit samla kommunestyre som vil ha bygget i Sandalsstrand. Men no kan den lokalpolitiske semja vere i ferd med å slå sprekker. Framstegspartiet har snudd og vil la ei folkerøysting avgjere stadvalet.

Forstå kunstnaren

No går altså Øystein Loge ut med støtte til etterkommarane av Astrup.

— Eg kan veldig godt skjøne dei sterke kjenslene dette har sett i sving hos sønene. Det må vere heilt unødvendig å fjerne nabobruket, seier Loge.

— Kva er det som er så ille med at det kjem eit nybygg vegg i vegg?

— Naturen og staden spelar mykje viktigare rolle i forhold til Astrup enn andre kunstnarar. For å fatte Nikolai Astrup må du fatte omgjevnadene. Eg opplevde dette veldig sterkt då eg sjølv budde nokre månader i Astruptunet. Eit modernistisk bygg vil gjere denne staden til ein annan stad. Det blir å plassere kunstnaren i eit anna miljø.