OVE ARNE OLDERKJÆR

Målet hennar var å få gravd det framtidige 300.000 volt store anlegget ned i bakken. Så nokon total siger over kraftutbyggjar Sunnhordland Kraftlag (SKL) og Norges vassdrags— og energidirektorat (NVE) har ikkje Leiknes vunne. Men protesten har ført anlegget dobbelt så langt bort frå huset hennar som dei rundt 50 metrane som SKL og NVE planla.

— Eg er glad for å få det lengre vekk. Heldigvis var dei som var på synfaring frå departementet einige i at det ville vera fælt for meg å få det heilt oppi huset, seier Astrid Leiknes til Bergens Tidende.

- Kan leva med

— Dette er eit resultat vi kan leva med, og som ikkje fører til ekstra kostnader for oss. Vi håpar at vi kan ha eit godt forhold til Astrid Leiknes, seier administrerande direktør Magne Heimvik i SKL.

Kraftlaget starta i vår ei utbygging til ein halv milliard kroner i Blåfalli i Matre. Det nye Blåfalli kraftverk Vik skal liggja i fjell, medan koplingsanlegg og kraftliner skal vera i dagen.

NVE gjekk først ikkje med på SKL sitt framlegg om å plassera 300 kilovoltanlegget i dagen lengst mogeleg unna Astrid Leiknes sitt hus. Argumentet var at anlegget ville bli for synleg frå hovudvegen og frå sjøen.

Men etter at Astrid Leiknes anka til Olje- og energidepartementet, har NVE no snudd.

- Minste motstands veg

— Eg er glad for å få anlegget bort frå bøen nedanfor huset. Men det burde ha vore endå lengre unna. Eg er spent på summinga frå anlegget, seier Astrid Leiknes, som i 1990 bygde hus på heimegarden i Vik etter blant anna 25 år som misjonær i Afrika.

— Eg vi få utsyn til mange master og leidningar, og må gå under kraftlina når eg skal hente posten, seier ho.

— NVE har valt minste motstands veg. Eg trudde me var komne lengre i Noreg enn dette, slik at det kunne blitt teke meir omsyn til folk av kraftselskap som tener pengar i søkk og kav.

— Eg er sliten og litt skuffa. Men samstundes nøgd med at dei har vist ei viss forståing, seier Astrid Leiknes. Som i snart tre år har kjempa for å halda kraftanlegget på fråstand.

Koplingsstasjonen blir reist ferdig våren 2006. Blåfalli kraftverk Vik skal frå hausten 2006 produsera straum som tilsvarar forbruket til 35.000 husstandar. Utanom koplingsstasjonen og ei steinfylling som blir båthamn i Vik blir ei 2,3 km lang kraftline frå Vik til Matre synlege i landskapet.